Sesongen 2008/2009

11.mars 2009:

Vancouver

World Cup-sirkuset er på plass i Vancouver og prøver neste års OL-løyper, og Liv Kjersti er med. Diverre hadde ikkje dei norske kvinnene nokon heldig dag på normalen i dag. Me ønskjer lukke til vidare!

Følg med CJ på heimesida hans http://www.cjbergman.com/

VM-sølv!

Carl Johan og resten av det svenske mix-laget gjorde ein strålande innsats i VM og sikra seg sølv, berre slått av Frankrike. CJ gjekk ankeretappen for Sverige, skaut fullt på ligg og brukte 2 ekstraskot på stå og berga sølvet. Grattis :-)

Elles vart VM ikkje mykje å skriva heim om for våre to: Liv Kjersti fekk berre gå stafetten, og den vil nok både ho og resten av det norske kvinnelaget hest gløyma. CJ gjekk ein god ankeretappe også for det svanske herrelaget, men det var for langt opp og fram etter dei første etappane. Elles gjekk han berre sprinten, og der stemde det ikkje verken i sporet eller på standplass, diverre.

Me ønskjer god kvil etter VM og betre lukke i Vancouver!

17. januar 2009:

Fullt hus!

Carl Johan er i fantastisk skyteform - og langrennsform. På jaktstarten i Ruhpolding i dag skaut han fullt hus og klatra frå 5. plass (sprint) til 4. plass. Imponerande! På sprinten fekk han 1 runde på stå, men viste solid langrennsform. CJ har no klatra opp til 4. plass samanlagt i verdscupen.

Stafetten var øydelagd for Sverige lenge før CJ vart send ut på siste etappe. Han har kontroll :-) Me gler oss til Anterselva og ønskjer lukke til!

Liv Kjersti til VM

Kjekt å få sjå Liv Kjersti i aksjon på alle løp i Ruhpolding. Diverre vart stafetten eit mareritt for henne med 2 strafferundar på stå, men på sprinten fekk ho vist at ho kan betre. Berre 1 runde og 32. plass gav eit godt utgangspunkt for jaktstarten i dag. Ho begynte så bra med 2 strålande seriar på ligg og var heilt oppe på 20. plass. Diverre sat ikkje ståandeseriane i dag, og ho enda på 52. plass. Marginane er små. Samanlagt ligg Liv K. no på 50. plass.

Me kan likevel gle oss over at Liv Kjersti er tatt ut til den norske kvinnetroppen til VM. Me ønskjer lukke til i Anterselva og vidare i VM!

11. januar 2009:

Strålande CJ!

Carl Johan viste endå ein gong at han kan spurta, då han slo Ole Einar på målstreken i kampen om 2. plassen på fellesstarten i Oberhof i dag. Østerrikske Christoph Sumann stakk først ut frå siste skyting etter fullt hus, medan CJ og Ole måtte ut i ein strafferunde kvar. CJ gjekk forbi Ole på sisterunden, men nordmannen prøvde seg på oppløpet. Det ville ikkje CJ ha noko av, og han fekk strekt tåa lengst fram. Sumann var det ikkje noko å gjera med. Fantastisk spennande og strålande fellesstart av Carl Johan. Grattis!!!

På sprinten i går fekk han ein runde på kvar skyting og enda på ein heiderleg 18. plass. Samanlagt har CJ no klatra til 5. plass i verdscupen. Han har verkeleg fått farten opp og synte i dag med berre 2 bom på 20 skot at skyteforma òg er på plass. Me gler oss til Ruhpolding! Lukke til!

Liv Kjersti skulle òg ha stått på startstreken i det fine vintervêret i Oberhof, men sjukdom i den norske leiren gjorde at kvinnene ikkje hadde løparar nok til stafettlaget og på sprinten måtte ho sjølv stå over etter magetrøbbel. Me håper ho er frisk og rask att til Ruhpolding og ønskjer lukke til!

Heia Liv Kjersti & Carl Johan!

Ein gjeng fusingar dreg av garde til world cup i Oberhof. Me sender med dei fanklubb-fana og håper den og dei kan inspirera Liv Kjersti & CJ :-) GOD TUR og lukke til!

Sterk avslutning av CJ!

Carl Johan har hatt ei flott opning på denne world cup-sesongen. Då skiskyttarane tok juleferie, låg han på ein sterk 8. plass samanlagt - berre 13 poeng bak Ole Einar Bjørndalen... CJ har sanka poeng i alle løp, og avslutta strålande i Hochfilzen med 8. plass på normalen, nesten pallplass på sprinten og stafettsølv. Me gratulerer og gler oss til ny spenning i Oberhof! Blomar er sende heim til Mesnali til CJ og Liv K :-)

Les meir på heimesida hans http://www.cjbergman.com/

Også Liv Kjersti hadde ei positiv avslutning før juleferien. Etter ein liten "down-periode" såg det ut til at ho fann tilbake til dei gode taktene ho viste i sesongstarten: Ho gjekk seg inn på poengplass på sprinten, sjølv med 2 bom, så farten er i kjømda! Ho hadde ankeretappen på stafetten og gjorde sine saker bra: Liv Kjersti måtte berre bruka 1 ekstraskot. Men totalt sett var det ikkje godt nok av det norske laget, som enda på 7. plass. Liv Kjersti tok juleferie på 44. plass samanlagt i WC med 38 poeng. Ta med deg farten frå sprinten og den gode skytinga frå stafetten til Oberhof like over nyttår, så blir dette riktig spennande :-) Me ønskjer lukke til og godt nytt skiskyttarår!

3. desember 2008:

Flott sesongstart av Carl Johan

Carl gjekk ein flott normal under verdscup-opninga i Østersund i ettermiddag. Med berre 2 tilleggsminutt vart han nr. 9. Han fekk ein bom på kvar av dei første skytingane, men hadde nervane under kontroll og greidde fullt hus i siste halvdel av løpet. CJ var 2,12 min. bak vinnaren Michael Greis. Hadde han - som Greis - greidd seg med 1 tilleggsminutt, hadde han blitt nr. 4. Kjempeflott start av CJ!

I morgon startar Liv Kjersti som nr. 11 - og første norske på 15 km. Det var, som me hugsar, i Østersund ho fekk pallplasseringa si i verdscupen for 2 sesongar sidan. Me kryssar fingrane for morgondagen og ønskjer lukke til!

Liv Kjersti klar for world cup

 

Etter solid innsats og ein flott 3. plass på fellesstarten i sesongopninga på Beitostølen er Liv Kjersti tatt ut til verdscup-opninga i Østersund 3.-7. desember. Liv Kjersti skaut fullt på ligg og hadde berre ein bom på kvar ståande skyting. Tora Berger (1 bom) og Solveig Rogstad (fullt hus) var i ein klasse for seg, men Liv Kjersti var soleklar tredjekvinne og slo m.a. heile den franske eliten med Sandrine Bailly i spissen. Dette lovar bra for vinteren!

På sprinten laurdag var det ujamne og til dels svært vanskelege vindforhold, og Liv Kjersti hadde særdeles vanskelege forhold på stå. Me reknar ikkje nøye på det resultatet! Gledeleg å konstatera at ho såg lett og fin ut i løypa :-)

Me kryssar fingrane og ønskjer både Liv Kjersti og Carl Johan lukke til i verdscupopninga!

  

Sesongopning

15. og 16. november brakar det laus med sesongopning for skiskyttarane på Beitostølen. Det vert skipa til sprint og fellesstart. Me ønskjer Liv Kjersti lukke til med sesongopninga! Ho har denne sesongen plass på rekrutteringslandslaget, og me håper ho kan kvalifisera seg for plass på verdscup-laget.

Me oppfordrar medlemene våre om å ta turen til Beitostølen og heia på Liv Kjersti!!!

Egil og Raphaël trenar herre-rekrutteringslaget og får ein spennande premiere på Beitostølen. Deira løparar er: Ronny Hafsås, Lars Berger, Stian Eckhoff, Stian Nåvik, Hans Martin Gjedrem, Martin Eng, Henrik L'Abée-Lund og Dag Erik Kokkin. Dei hevda seg svært så bra under rulleski-NM på Natrudstilen, og det blir spennande å sjå om dei kan ta opp konkurransen med elitelaget. 

Ann-Elen og Liv Grete trenar våre lokale håp (junior + senior) på kretslaget Team Statkraft Hordaland. På Beitostølen stiller seniorar og ein liten kvote kvalifiserte juniorar. Hordaland har med Bjørg Marit Valland (Kvam), Birgitte Røksund (Fana), Renate Salbu (Voss), Sindre Hansen (Hålandsdal IL) og juniorane Joanna Valland (Kvam), Anette Berlandstveit (HIL) og Vegard Hansen (HIL). Sondre Eide (HIL) er òg kvalifisert, men skada, og senior Erik-Sebastian Krogvig (HIL) slit med sjukdom. Thomas Fenne (Voss), som var med på kretslaget i fjor, er denne sesongen på junior-landslaget, men trenar framleis ein del med hordalendingane.

Team Statkraft Hordaland har i år 21 løparar frå 17 år og oppover. Kretslaget er eit tilbod til dei som ikkje har landslagsplass. Første sesongen vart dei trente av Egil og Ann-Elen (hovudansvarlege), Raphaël og Liv Grete. I år har jentene hovudansvaret, medan gutane er med når dei har høve.

Fusa Biathlon Fanclub støttar kretslaget økonomisk og me oppfordrar medlemene våre om å heia på dei lovande hordalendingane!

Gratulerer med vesle Lena!

10. oktober fekk Liv Grete og Raphaël jente nummer tre: Lena. Alt står bra til med mor, barn, far og sysken, Emma (5) og Anna (1 1/2). Me gratulerer!

Hjå Ann-Elen og Egil er det òg livleg: Dei har to jenter: Kristi (4) og Ingri (1).

 

Holdhus rulleskianlegg offisielt opna

19. oktober 2008 vart det nye rulleskianlegget på Holdhus offisielt opna av hovudsponsor Trond Mohn. Det første rulleskiløpet i Hålandsdalen - og Hordaland - vart så avvikla. Egil har vore svært aktiv i prosessen med å få til dette anlegget. På opningsdagen var både Ann-Elen og Liv Grete til stades og informerte sponsorar, grunneigarar, entreprenørar, ordførar, generalsekretæren i Skiskyttarforbundet, fylkesidrettssjefen, kretsleiaren, styret i HIL og andre inviterte gjester om rekrutteringsarbeidet som no vert drive. Dei delte òg ut eit par signerte ski til Trond Mohn - med lovnad om påfølgjande skøytekurs! Raphael stod for premieutdelinga til dei unge håpefulle renndeltakarane. Og Liv Kjersti vann dameklassen!

Dagen før den store dagen...

   

     

 

Sølv og bronse i rulleski-NM-08

Liv Kjersti gjorde ein strålande innsats på heimebane under rulleski-NM på Natrudstilen. På sprinten 20.9. tok ho ein flott sølvmedalje med berre 1 bom (stå) - 35 sek. bak Tora Berger. På jaktstarten dagen etter vart det litt for mange bom (2-2-0-2), men det heldt til bronsemedalje, berre slått av Tora og Julie Bonnevie-Svendsen. Gratulerer med flott innsats, Liv Kjersti! Me gler oss til vinteren :-)

 

 

 

2006/2007

Gull og bronse i militær-VM!

I dag gjekk skiskyttarsprinten av stabelen i militær VM i Estland, og det gjekk strålande for våre to: Gull til Raphael og bronse til Egil!! Me gratulerer med den strålande sesongavslutninga. Nr. 2 vart Vincent Defrasne.

Også Liv Kjersti gjorde sine saker bra og kom på 5. plass - som beste norske kvinne. Gratulerer med flott innsats! Vinnar vart treffsikre Florence Baverel-Robert.

Fin WC-avslutning av CJ!

Carl Johan gjorde det sterkt i verdscupavslutninga i Khanty-Mansiysk med ein 7. plass på sprinten, 5. på jaktstarten og 13. plass på fellesstarten. Han har verkeleg fått opp farten i sporet, men bomma litt for mykje til pallplass. På jaktstarten var han med i pallkampen ut frå siste skyting og gjorde det alvorleg spennande for oss! Gratulerer med flott innsats! Samanlagt i verdscupen vart det 24. plass med 268 poeng på 25 løp.

Egil sanka òg poeng i Kh-M etter 21. plass på sprinten og 27. på jaktstarten. Han har fått gått 7 verdscuprenn denne sesongen, og enda på 60. plass med 30 poeng.

Også Liv Kjersti vart nr. 27 i det siste verdscuprennet sitt denne sesongen. Med dei poenga ho der fekk med seg enda ho på 44. plass samanlagt. Ho har gått 17 løp og sanka 67 poeng. Det store høgdepunktet var 2. plassen i Østersund. Gratulerer!

Raphael avslutta verdscupkarrieren i Holmenkollen. Når alle løp no er over, vart han nr. 3 samanlagt med 709 poeng. Han har gått 20 løp i den siste sesongen sin - 18 av dei gav poeng, alle 18 var topp-20, 17 var topp-10 og 10 var pallplassar. Imponerande! Me gratulerer!!

 

Takk Raphael!!!

 

Så er det slutt for endå ein av våre utøvarar: Raphael avslutta ein fantastisk karriere med tidenes mest spennande fellesstart i Holmenkollen søndag. Etter vår meining vart det delt siger til dei to store på søndag - det ein ikkje kan sjå med "det blotte øye", det er ikkje verd å bry seg med. Me reknar ikkje med millimeter... Uansett slo Raphael fast for all ettertid at han er og har vore ein av dei beste skiskyttarane i verda dei siste 15 åra: 103 pallplassar i verdscupen, derav 44 sigrar, 39 andreplassar og 20 tredjeplassar. 4 samanlagtsigrar i verdscupen, 1 andreplass og 1 tredjeplass. 7 VM-gull - 6 individuelle og 1 i stafett, 3 VM-sølv - 2 individuelle og 1 i stafett, 7 VM-bronsemedaljer - 5 individuelle og 2 i stafett. Han har delteke i 3 OL og har kapra 3 OL-medaljer: Sølv på jaktstarten i Salt Lake 2002 og bronse på stafettane både i 2002 og Torino 2006. Ei fantastisk merittliste!! Når han no har lagt opp, ligg han på andreplass samanlagt i verdscupen. Raphael seier at han har følgd draumen sin - og han har blitt oppfylt. No er det tid for nye draumar. Me ønskjer lukke til!

Fanklubben takkar ein stor idrettsmann og eit stort menneske med eit varmt hjarta og eit lurt smil for alle dei flotte opplevingane han har gitt oss! Merci Raph!

Kjære Raphael - takk skal du ha

for all spenning og glede du ga

Traffsikker - med smil

og sjarmerande stil

gjer du fanklubben din so gla'!

Foto frå Holmenkollen

Tre av våre til verdscupavslutninga i Sibir

Verken Egil eller Carl Johan hadde det store hellet med seg på normalen torsdag. Dei enda på 45. og 46. plass. Men begge gjekk gode jaktstartar laurdag: CJ gjekk seg opp til 24. plass etter 2 bom og fin fart i sporet. Egil skaut strålande, bomma berre 1 gong, men tapte litt for mykje til dei beste i sporet, og enda på 33. plass, så vidt bak verdscuppoenga.

Liv Kjersti vil helst gløyma skytinga i Kollen, særleg i vindkulene laurdag, men viste bra framgang i sporet. Ta med deg det vidare!

Både Egil, Carl Johan og Liv Kjersti deltek på den siste sprinten (15. mars) og jaktstarten (17. mars) i verdscupen 2006/07 som går i Khanty Mansiysk i Russland i slutten av denne veka. Me ønskjer dei lukke til alle tre! Søndag 18. mars er det siste slutt med fellesstart. Så langt er Carl Johan kvalifisert for den - han ligg på 29. plass etter løpa i Holmenkollen med 179 poeng. Dei 30 beste får gå. Som kjent stiller ikkje Raphael, som avslutta karrieren på 2. plass med 709 verdscuppoeng. Dermed blir det ein ledig plass. Så får me sjå korleis lista ser ut etter jaktstarten laurdag. Michael Greis leiar samanlagt med 730 p, Ole Einar ligg på 3. plass med 668 poeng før avslutningsløpa.

Raphael avsluttar med stil!

 (Foto: Biathlonworld.com)

Raphael gjekk eit nytt kjempeløp i Lahti i dag. Sjølv om han bomma ein gong på ligg, og fire nordmenn skaut fullt, var han uslåeleg på sprinten. Ingen tvil om at Raphael har senka skuldrene og leikar seg fram til "pensjonisttilværet"! Med seg på pallen fekk han to av dei "nye" norske: Aleksander Os og Hans Martin Gjedrem. Samanlagt ligg Raph no på 3. plass i WC, berre 11 p bak Ole Einar på 2. plass. Greis leiar.

Carl Johan og Egil gjekk to nesten identiske løp i dag: Begge fekk to bom - CJ på ligg, Egil på stå - og det skilde berre 4 sekund mellom dei i mål. CJ går ut som nr. 34 på jaktstarten i morgon 1.24,2 bak og Egil som nr. 36 - 1.28,2 bak Raphael. Me ønskjer alle tre lukke til og ser fram til ein spennande jaktstart!

Liv Kjersti var ikkje frisk nok til å starta i Lahti. Me håper å sjå henne i god form i Holmenkollen neste veke!

Raphael vann 20 km i Lahti

 (Foto: Biathlonworld.com) Raphael held fram med å imponera slik han gjorde i VM i Anterselva: Med ein bom på normalen i Lahti torsdag 1. mars tok han ein ny siger og sikra seg òg samanlagttrøya for normaldistanse-cupen. No står det att ein 20 km - i Holmenkollen neste torsdag. Me kryssar fingrane og håper han dreg samanlagtsigeren i land der. I dag vann han 17,9 sek føre landsmannen Simon Fourcade. Tyske Wolf tok 3. plassen.

Me var veldig spente på kva Egil kunne greia i verdscupen etter den strålande EM-innsatsen. At han framleis er i kanonbra skyteform, synte han i dag: Det vart berre ein bom på Egil òg. Men i sporet gjekk det smått. Det var ikkje tungt, men eg hadde lim under skia, melder han frå Lahti. Då må me vera godt nøgde med 21. plass. Han vart dessutan tredjebeste norske, berre slått av Hallvar og Frode. Me håper han får betre ski på sprinten laurdag, og reknar med at han no er klar for Holmenkollen!

Carl Johan hadde ikkje heilt hellet med seg, fekk 5 bom og enda på 48. plass. Me ønskjer alle 3 lukke til på sprinten laurdag!

Liv Kjersti har vore forkjøla og kunne ikkje delta på normalen onsdag. Me håper ho er pigg att til sprinten i morgon. Lukke til!

Egil til WC i Lahti!

Endeleg skal Egil få gå verdscuprenn denne sesongen. Den strålande innsatsen hans i EM gjorde det vanskeleg å koma utanom han :-) .... Heile EM-laget, Os, Gjedrem, Rønning og Egil, er tekne ut til WC i Lahti i Finland 28. februar-4. mars. Der stiller sjølvsagt òg Liv Kjersti, og dei nybakte verdsmeistrane våre Raphael og Carl Johan. Distansane er normal (Liv Kjersti 28., Egil, Raph og CJ 1. mars), sprint (LK 2. og Egil, Raph og CJ 3. mars) og jaktstart (4. mars for alle). Me ønskjer alle våre fire lukke til!!!!

Strålande EM av Egil

Egil har gjennomført eit strålande EM i Bansko i Bulgaria: Gull på normalen på opningsdagen, sølv på stafetten på avslutningsdagen, bronse på jaktstarten i går og ein 8. plass på sprinten. Dei observante har nok alt konstatert at dette er identisk med Raphael sine resultat i VM (om enn på litt andre distansar: normalgull, mix-stafettsølv, fellesstart-bronse, 8. plass på sprinten og i tillegg 6. plass på jaktstarten)!!

Egil gjekk ein glimrande jaktstart fredag. Han fekk ein bom på første skyting, elles var det prikkfritt igjen. Det betyr at han på 50 skot har hatt 49 treff i dei inividuelle EM-konkurransane. Imponerande! På siste stå duellerte han med Alexander Os. Sistnemnde fekk 2 bom, Egil fullt hus og sikra seg bronse etter gullvinar Sikora frå Polen og sølvgut Bricis frå Latvia. Egil var 17 sek. bak sølvet, medan Sikora, som også vann sprinten, tok ein ny sikker siger. Os og Gjedrem landa der dei gjekk ut: som nr. 6 og 7 etter fem bom kvar. Magne Rønning gjekk ein fin jaktstart, og etter 3 bom gjekk han seg opp til 14. plass.

I E-cupen samanlagt ligg Egil på 3. plass med 317 p, Gjedrem på 10. og Os på 16. plass.

På stafetten tok det norske laget sølv 12 sek. etter Tyskland. Vinnarane hadde 5 tilleggsminutt, Noreg 12. Os på første etappe måtte bruka fire ekstraskot og veksla som nr. 4, Gjedrem gjekk Noreg opp til 2. plass etter å ha brukt eitt ekstraskot på kvar skyting. Rønning måtte bruka to ekstraskot på første skyting, men skaut fullt på siste og sende Egil ut på sisteetappen som nr. 1. Etter 3 løp med 49 treff av 50 hadde Egil sin dårlegaste dag på skytebanen i EM: Han måtte bruka 2 ekstraskot på begge skytingar, og gjekk deretter Noreg inn til ei klar sølvmedalje. Tyske Wollschläger skaut fullt på siste etappe. Samla sett har Egil gjort unna ein strålande meisterskapsinnsats, og no gler me oss til å få sjå han i aksjon i verdscupen!  

Perfekt skyting igjen

Egil skaut perfekt også på dagens sprint, men med startnr. 50 på det blaute føret i Bansko vart det 8. plass. Eit fint utgangspunkt før jaktstarten laurdag. Men det var trasig at føret nok tok frå Egil ein pallplass i dag. Startrekkjefølgja er bestemt av plasseringa i verdscupen, og sidan Egil ikkje har fått gå verdscup, stiller han bak i køen. Ingen andre med så seint startnr. var i nærleiken av topp 15. Vinnar vart Sikora frå Polen føre Soukup frå Tsjekkia. Begge skaut feilfritt som Egil. Nr. 3, 4 og 5 - Eberhard frå Austerrike, Bricis frå Latvia og Vitek frå Tsjekkia - hadde ein bom kvar. Alexander Os på 6. og Hans Martin Gjedrem på 7. bomma to gonger kvar - og starta altså i ei tidlegare gruppe enn Egil.

Samanlagt i E-cupen ligg Egil no på 3. plass med 274 poeng. Etter IBU sine reglar skal det gje Noreg ein ekstra løpar i dei siste verdscuprenna.

Elles melder Egil at det går bra med høgden. Skiskyttararenaen ligg på rundt 1600 moh, men løparane bur på rundt 900.

Egil europameister!

Endeleg fekk han slått skikkeleg til: Egil sikra seg si første individuelle gullmedalje i eit internasjonalt meisterskap i EM i Bansko i Bulgaria. Stafetteksperten er blitt individuell meister! På seint startnummer i 15 grader varme plaffa han ned alle 20 blinkane og sleit seg gjennom sørpa inn til GULL! Gratulerer! Me er so stolte av deg!

Kva var det Noreg hadde hatt bruk for i VM - var det ikkje ein 20 km-løpar som kan skyting? Og ein fjerdemann på stafetten?

Fakkeltog for Raphael

 

Fanklubben heidra VM-helten, som no er heime på "Gullhaugen" på Skjelbreid i Fusa, med fakkeltog, song og blomar onsdag 14. februar. Hålandsdal IL og Fusa kommune ved ordføraren var òg med. Me takka Raphael for lang, trufast og fantastisk innsats innan skiskyttarsporten i ein mannsalder, og Raphael sa at han er glad for å kunna gje seg etter 15 år med hardt arbeid - 15 år i verdstoppen! Siste verdscuprennet hans vert i Holmenkollen i mars. Deretter vert det fransk meisterskap, militær-VM og Gilde-representasjon på Liatoppsprinten på Ål, før det er over. I to år skal han så jobba for militæret i Frankrike, slik skiskyttarane der gjer, men gjennom ein avtale som gjer at han skal vera med og bidra på rekrutteringssida innan fransk skiskyting. Fast bustadadresse vert likevel Fusa! Og han sa at han gjerne vil bidra med råd og vink til born og ungdom her heime.

Fleire fakkelfoto!

Tusen takk for alle store opplevingar du har gitt oss gjennom mange år, Raphael!!!

Strålande VM!!!

 

Fusa Biathlon Fanclub er strålande nøgde med VM i Anterselva. Me fekk 2 gull, sølv og bronse - og i tillegg mange norske medaljer. Det begynte med at Raphael var med i toppen på både sprint og jaktstart, så med at han var på blomsterseremonien på podiet rett framfor fusagjengen begge dagar. Og så var det hans dag: Ein perfekt normal - fullt hus og gull! Tårene trilla hjå oss! Så fekk Liv Kjersti gå kvinne-normalen. Også ho skaut fantastisk: 19 treff av 20, og me gledde oss stort over det. Og ho låg veldig bra an halvvegs. Ja vel, det vart "berre" 30. plass. Me veit at ho sleit frå start. At ho hadde gått testløp to dagar før. At ho ikkje hadde gode ski. At det vart veldig tungt på dei to siste rundane. Men skyteforma er på plass att, og det er verd ein heil del jubel!

Så kom mix-stafetten - der klubben rekna med å vera sikra medalje. Me hadde sagt ifrå til hotellet at det vart sein middaag, for den kvelden måtte me på premieutdeling! Og det slo perfekt til: "Me" tok både gull, sølv og bronse! Og hadde ei ugløymeleg premieutdeling i Bruneck!!

Me var skuffa over at Liv Kjersti ikkje fekk gå nokon av stafettane, men dei norske jentene gjorde sine saker bra. På herrestafetten sakna me Egil - og Raphael, som var småsjuk og hadde fått ordre av legen om å stå over. For CJ vart det for tungt å løfta det svenske laget til medalje etter svak start av dei andre - sjølv om CJ gjekk ein flott etappe.

Fellesstart var det berre Raph som fekk gå, og både han og me er strålande nøgde med bronsen.

Gratulerer med strålande innsats alle 4 - me er so stolte av dåke!!!

Reisebrev frå Anterselva med VM-foto.

 

Siste nytt før VM

Vår tropp - Raphael, Carl Johan og Liv Kjersti - er rapporterte å vera friske og klare for VM-innsats. Raph har endeleg fått sjå veslejenta si: Anna, mamma Liv og storesyster Emma kom til VM-området onsdag saman med mormor og morfar. Me håpar det skal få skuldrene så pass ned på den stolte pappaen at han finn att den gode, gamle skyteforma si. Farten i poret er der! Liv Grete får eit travelt VM som NRK-kommentator, mor og motivator!

For Liv Kjersti er det enno uvisst om ho får gå, men me håpar at den flotte fellesstarten hennar i Pokljuka med 15. plass og strålande skyting, sikrar henne plass på laget på normaldistansen onsdag.

Carl Johan er klar for VM, og har foreldra på plass på tribunane.

Me ønskjer alle 3 lukke til og gler oss til VM. Fusagjengen skal heia alt me greier!!!

Gode E-cuprenn av Egil

Egil har gjort nokre svært gode e-cup-løp denne sesongen, og nokre mindre bra, tydeleg prega av høgda. Han avslutta i Forni Avoltri med ein strålande jaktstart, der han gjekk seg opp frå 19. til 6. plass etter berre 2 bom. Siste konkurransen var stafett - som han som vanleg gjorde svært bra - og det norske laget vann. No er Egil heimom i Fusa før Noregscupen i Steinkjer, der alle som ikkje skal til VM, er med. Me håpar han får gå EM i Bulgaria og at han endeleg slepp til i verdscupen etter VM. Det har han fortent - og det har han kvalifisert seg for, med ein 2., ein 5. og to 6. plassar som beste resultat i tillegg til stafettsigeren i E-cupen. Samanlagt ligg han no på 6. plass. Noreg sender ikkje løparar til fleire e-cup-renn, bortsett frå EM.

Raphaël har fått farten opp

Raphaël slo ettertrykkeleg fast at han har fått dampen opp i sporet og gjekk kanskje fortast av alle på dagens fellesstart. Men 4 bom blir for mykje i dette selskapet. Likevel: Med så mange rundar er det uhyre sterkt å greia ein 8. plass, berre 1.15,8 min. bak Bjørndalen, som vann med feilfri skyting. På det tunge føret i dag vil me tru at ein strafferunde tek om lag 25 sek. - så kan de rekna sjølve! Rulleskigåinga i regnveret i Fusa har gjort han godt! Han har ikkje konkurrert sidan før jul, og me håpar og trur at han får orden på skytinga, når han får litt fleire konkurransar på seg. Me gler oss til VM!

Carl Johan måtte stå over fellesstarten på grunn av sjukdom.

Egil hadde ikkje hellet med seg i dag: Med 3 rundar på sprinten i OL-løypene i San Sicario blei det 26. plass. Ei resultatliste i skiskyting kan lesast på mange vis: Med fullt hus hadde han matcha vinnaren, tyske Wollschläger.

 

10. januar 2007:

Gratulerer med vesle Anna, Liv Grete og Raphael!!

 

Ruhpolding 13. januar 2007:

Ein flott 4. plass til Raphaël i dag, så nære pallen som det kan gå an å koma! Med ein bom og høgare fart i sporet enn toaren Hanevold. Me gler oss til fellesstarten i morgon! Carl Johan gjekk inn til ein fin 13. plass og ligg no på 18. plass samanlagt med 134 poeng. Raphaël klatra opp til 10. plass med 202 poeng. 

San Sicario 13. januar 2007:

Egil gjekk inn til ein flott 5. plass på E-cup-normalen i OL-løypene i San Sicario i dag med 3 tilleggsminutt. Tysk siger, Alexander Os på 3. plass. Dei andre norske bak Egil - med færre tilleggsminutt. Det lovar bra for sprinten i morgon! Samanlagt i E-cupen ligg Egil på 3. plass.

Januar-rapport

Sesongen så langt har vore full av både opp- og nedturar, men alt i alt ikkje heilt slik som me hadde håpa på. Det starta så bra med andreplassen til Liv Kjersti. Endeleg fekk ho òg oppleva pallplass i verdscupen - då har alle våre 6 utøvarar fått det!! Men sidan har jento vår hatt mykje motgang. Det vil ikkje løsna i sporet, ståskytinga gjekk litt i stå og resultata har vore lenger nede på lista enn me hadde håpa på. Men det er stadig noko å gle seg over: I Oberhof var farten bra til og med siste skyting på sprinten og Liv Kjersti låg an til topp 20. På Ruhpolding-sprinten var skytinga god. Berre ho no får kopla dette, kan det bli eit bra VM!

Raphaël har gått og venta på å bli pappa for andre gong, men greidde likevel to pallplassar før jul: 3. plass på jaktstarten i Østersund og ei flott julegåve til oss alle: Siger på det siste rennet før juleferien i Hochfilzen etter ei drepande avslutning. Så vart det ventetid med rulleski i regn heime i Hålandsdalen, og han stod over Oberhof for å få med seg fødselen. Men vesle Anna hadde ikkje tenkt seg ut i verda enno. Pappa drog til Ruhpolding - og nett i tide til at han skulle gå stafetten for Frankrike, kom prinsessa. Pappa Raph markerte som dei fleste har sett med "welcome Anna 10.01.07" på baken! Me gratulerer både mor, far og storesyster!!

Carl Johan har ikkje heilt nådd dei høgdene han slutta fjorårssesongen på, men 6. plass på jaktstarten på "heimebane" i Østersund og ein flott 4. plass, så nære pallen, i det siste rennet før jul har gitt oss grunn til å gle oss! Elles er det jamt over blitt betre og betre og me ser fram til VM!

Egil stevar for å få sjansen til å visa seg fram. Så langt har dei ikkje sleppt han til på verdscup-laget, sjølv om e-cup-resultata med 2. og 6. plass i høgtliggjande Obertilliach rett før jul, har vist at han er i form. I dag stadfesta han det på nytt med ein flott 5. plass på normalen i San Sicario - også i høgden. Som me veit er ikkje det Egil sine favorittarenaer, han som treng ekstra tid til høgdetilvenjing. Når fleire av løparane på verdscup-laget i tillegg går og skyt elendig og har oppnådd resultat langt under pari, og Noreg strevar fælt med å finna eit stafettlag som er til å stola på, ja då er det komplett uforståeleg for oss at dei ikkje snart gjev Egil ein sjanse i verdscupen. Er dei redde for at han skal slå dei andre?? Me har ikkje heilt mist trua på at fornufta skal sigra også i toppen, og ønskjer Egil lukke til vidare. Stå på!!

 

Liv Kjersti slo til i opningsrennet i verdscupen òg!

Strålande skyting - berre 1 tilleggsminutt etter 20 skot - og eit flott gjennomført løp skaffa Liv Kjersti den første pallplasseringa hennar i verdscupen. Andreplassen på normalen i Østersund kom overraskande på dei fleste, men me i fanklubben har lenge visst at dette er Liv Kjersti sin distanse. Skyta kan jento, og når ho i tillegg vartar opp med 23. beste langrennstid må det bli bra. Me er utruleg glade og stolte av Liv Kjersti. Dette var så fortent, så fortent etter all motgang ho har hatt i mange sesongar. Me gler oss til resten av sesongen og til VM i Anterselva!

 

Liv Kjersti slo til i opningsrennet

Liv Kjersti gjorde ein strålande innsats under opningssprinten på Beitostølen laurdag 11.11. Med berre ein strafferunde slo ho resten av elitelaget. Berre Linda Grubben stilte ikkje til start. Søndag vart det ein fin 4. plass på fellesstarten, som Linda vann. Det var mykje vind og vanskelege skyteforhold. No er Liv Kjersti klar for dei første verdscupløpa i Østersund. Me gler oss og ønskjer lukke til!

Egil hadde òg ein brukbar sesongstart, men var råka av uflaks: På sprinten laurdag skaut han svært bra, og greidde seg med ein hårfin bom på ståande. Men han hadde fått feil ski, og me såg alle at han var heilt utan glid. Det vart 6. plass - med dei rette skia, som han hadde testa, men som ved eit mistak ikkje vart preparerte til han, hadde det vorte pallplass. Søndag opplevde han marerittet på første skyting: 5 bom. Han gjekk ut frå skistadion sist i pulje 1 på fellesstarten (30 mann), men etter å ha justert børsa gjekk han seg opp til 15. plass. Skytinga var patent med berre 3 bom til saman på dei 3 siste skytingane. Me er imponerte over at han greidde å henta seg så bra inn att etter den uheldige starten. Egil fekk løn for innsatsen med plass på Europacup-laget, som skal til Obertilliach i Austerrike i desember. Derifrå kan han kvalifisera seg til vidare verdscup-deltaking. Me ønskjer lukke til!

 

Raphael sesongdebuterte på 15 km langrenn laurdag med ein 12. plass. Søndag var han attende med børsa på ryggen og gjekk inn til 4. plass på fellesstarten. Hadde siste bakken inn mot mål vore nokre meter lenger, hadde det blitt pallplass: Han var 1,2 sek. bak 3. plassen. Han har ikkje gått testløp før denne sesongen, så han var greit fornøgd med innsatsen. Raph er sjølvsagt å finna på startstreken i verdscupopninga i Østersund - saman med Carl Johan, som må seiast å ha bortimot heimebane. Me gler oss og ønskjer lukke til!

 

Liv Grete debuterte som NRK-ekspert-kommentator under skiskyttarrenna på Beitostølen, men under langrennet laurdag tok ho jobben som sekundant for Raphael. Ikkje like lett på foten, med sin veksande mage, men i fin form og med same gode humør som før! 

Beitostølenfoto!

Sesongstart 2006/07

Til helga er det klart for sesongstart for skiskyttarane med sprint og fellesstart på Beitostølen, og me har tre av våre i aksjon: Liv Kjersti, Egil og Raphael. Liv Grete og Ann-Elen stiller òg, men denne gongen utan ski og børse. Carl Johan har nett avslutta treningsleir i Kiruna. (Sjå bloggen hans). Alle våre melder om gode sesongførebuingar, og dei ser fram til å koma i gang. Me i heiagjengen gler oss til ein ny spennande vinter - lukke til alle fire: "Me skal heia so lengje da lete'!"

Rulleski-NM

Sommar NM på rulleski vart arrangert i Birkenes på Sørlandet 15.-17. september, og me er storleg fornøgde med innsatsen til våre to: Liv Kjersti tok klare sølvmedaljer både på sprint og jaktstart, Egil gjekk inn til ein strålande bronse på sprinten og 4. plass på jaktstarten.

 Berre Linda Grubben greidde å slå Liv K. i sommar-NM. Men Liv K. var berre 34 sek. bak med ein strafferunde meir (2 tils.) på sprinten. På jaktstarten hadde dei 4 rundar kvar og Liv K. hadde best tid av dei to - 31.18 mot Linda si 31.28. Aller raskast på jaktstarten var Kaja Eckhoff (31.06), som gjekk seg opp til 4. plass, og Julie B. Svendsen (31.10), som gjekk seg opp til 5. plass. Dei to i tet var likevel i ein klasse for seg. Tora Berger på 3. plass var over eitt min. bak Liv K.

 Egil gjekk eit strålande sprintløp, berre slått av Emil Hegle Svendsen og Ole Einar Bjørndalen. Han var berre 10 sek. bak Ole Einar med ein strafferunde meir! (Egil 2, Ole 1) Svendsen både skaut og gjekk svært fort, og vann med 9 sek. etter 3 strafferundar. Resten av elitelaget hamna i køen bak Egil.... På jaktstarten var Egil litt uheldig med skia - alle får utlevert same type rulleski kort tid før start - det viste seg at han hadde fått 2 høgreski, og han sleit difor med å få dei til å lystra slik han ville. Han var likevel med i teten heile vegen og skaut svært bra heilt til siste stå: 0-1-1-3. I mål skilde det eitt fattig sekund mellom Anstein Mykland på 3. plass og Egil. Vinnar vart Stian Eckhoff (3 rundar), og Halvard Hanevold gjekk eit flott løp og gjekk seg opp frå 11. til 2. plass med dagens raskaste tid (31.41).

Sjå fleire foto frå rulleski-NM!

 

Avslutningsfest for Ann-Elen og Liv Grete + sesongavslutning 6. mai

Takkehelsing frå Ann-Elen og Liv Grete

 

Sesongen 2006/2007

Liv Kjersti på elitelaget!

Liv Kjersti har takka ja til tilbodet om plass på det norske elitelandslaget for sesongen 2006/2007. Ho har no prøvd seg to sesongar under Wolfgang Pichler si trenarleiing saman med det svenske landslaget. Audun Svartdal, som er ny dametrenar, var Liv Kjersti sin trenar på NTG på Geilo, og kjenner henne godt. Ho har òg samarbeidd med assistenttrenaren tidlegare. Me håper dette vert ei god løysing for Liv Kjersti og ønskjer henne LUKKE TIL i treninga fram mot ein ny sesong.

Egil går nye vegar

Egil vart som frykta, sett ut av det norske elitelaget, men det betyr ikkje at han gir seg - tvert imot! Mandeloperasjonen har vore vellukka, og han er i full sving med treninga fram mot sesongen 2006/2007. Egil har solid erfaring etter mange år i toppen og 10 år på det norske elitelaget, og på Skjelbreid der han bur, er det samla enorme mengder med skiskyttarkompetanse og erfaring: Knut, Ann-Elen, Liv Grete. Treningsmakker framover vert ein av verdas beste skiskyttarar: Raphael! Det nye "Team Poirée" - svigersønene på Skjelbreid, kan bli eit nytt "dream-team". I tillegg kjem Egil innimellom til å nytta seg av tilbodet om hospitering på rekrutteringslaget. Det vert jobba iherdig med sponsing slik at ikkje den økonomiske sida av saka skal setja nokon stoppar for vidare framgang. Me ønskjer Egil - og Raphaël - lukke til med treningsarbeidet framover og gler oss til ein spennande vinter!

Raphaël til Fischer

Raphaël har bestemt seg for å byta skimerke, etter å ha slite med variabelt utstyr dei siste to sesongane. Denne sesongen skal han gå på Fischer-ski - det same som Egil.

Sesongen 2005/06:

Sesongslutt-oppsummering frå Carl Johan 5. april:

Idag är all fokusering mot tävling över. Idag är det första semesterdag. Det är en lättnadens känsla som spridits i kroppen i dag, en känsla som behagar min själ.
Vinterns alla tävlingar sliter otroligt på psyket. Att flera dagar varje vecka koncentrera, fokusera och prestera är tyngre för psyket än många tror. Sista veckan var jag helt tom, ingen arbetslust, ingen skrivlust jag ville bara vara.
Nu är den fysiska utmattningen som dominerar. Helgens SM-tävlingar kramade ut de sista dropparna av energi som jag hade. Jag blev så trött att mitt immunförsvar inte klarade att hålla en lätt förkylning borta. Säsongen är ju slut så nu kan jag låta förkylningen ha sin tid och låta kroppen läka alla sår.

Vintern har än en gång bjudit på uppnådda mål och segerglädje. Mina sista fyra säsonger har jag varje år tagit ett steg mot världstoppen. Jag är väldigt glad men samtidigt väldigt förundrad till att jag klarar att förbättra mig år efter år. Jag är långt ifrån förvånad eftersom träningsmängden ökats markant. Men jag är lite förvånad, men också lite stolt. Jag klarar tydligen av att balansera på knivseggen mellan överträning och för lite träning, jag lyssnar på kroppens signaler.
Det gäller nu mer än någonsin att fortsätta lyssna på kroppen. Lyssna efter signaler och framförallt tro på de signaler man får.

Nu ska jag njuta av vårsolen varma strålar och ladda batterierna. Ett par veckors själavård och avslappning är något som jag verkligen ser fram emot!
/Carl Johan 2006-04-05 Bergsäng 

Sesongen er over

Det har vore ein spennande sesong for oss som følgjer strabasane frå sidelinja, og ein lang og slitsam sesong for utøvarane våre. Avslutninga i Holmenkollen vart spesiell. Først og fremst vil me hugsa avskjeden med Liv Grete som world cup-løpar. Ho fekk enorm jubel - og jammen kvitterte ho med to flotte fulle hus midt i fellesstarten og leiing ut etter 3. skyting! Du verda kor spennande! Men alle såg at ho var sliten, så me får berre seia tusen takk - det var moro så lenge det vara! Ho enda til slutt på 12. plass - som på jaktstarten og i verdscupen totalt i hennar siste sesong. Ho har gått 18 løp denne sesongen og plassert seg mellom dei 10 beste i halvparten av dei. I berre eitt av løpa fekk ho ikkje poeng. Me hugsar alle den strålande sigeren på jaktstarten i Ruhpolding, der me sat framfor storskjermen heime i Fusa og heia henne inn - og der ho slo den store kvinnelege skiskyttaren i år, Kati Wilhelm, på målstreken. Slik vil me hugsa verdscupløparen Liv Grete. Me seier TUSEN TAKK for alle store stunder. Og så gler me oss over at me framleis kjem til å ha det store og godhjarta mennesket Liv Grete mellom oss!

Raphael har hatt ein sesong der marginar og flaks ikkje har vore på hans side, og i Holmenkollen var han utlada. Sjølv om samanlagtsigeren rauk både totalt og i sprintcupen og fellesstartcupen, gler me oss over at me har ein av dei 3 desidert beste skiskyttarane på herresida her i Fusa. 2. plassen samanlagt er uhyre sterk - likeså 2. plassen i fellesstart-cupen, og 3. plassane i normal-, sprint- og jaktstart-cupane. Gratulerer Raphael! Me kjem til å hugsa sigeren på normalen i Hochfilzen - og alle dei 7 andreplassane! Han starta i 24 løp, kom i mål i 23 - me hugsar bindingen som rauk på jaktstarten i OL..... - og tok poeng i 21. 14 av dei var topp-10-plasseringar. I tillegg har han vore med på 4 stafettbronsar med det franske laget - og innspurten på OL-stafetten er kanskje det me kjem til å hugsa lengst etter denne sesongen!

Der var som kjent ein annan av våre utøvarar svært delaktig: Carl Johan, som denne sesongen har teke steget heilt til topps. Me hugsar alle sprintsigeren i Kontiolahti 16. april - Gratulerer!!! I tillegg har han 2 pallplassar til denne sesongen: dei frykteleg spennande løpa (sprint og jaktstart) i Pokljuka. Etter ei sterk avslutning i Holmenkollen med 5. plass på jaktstarten og 4. på fellesstarten, kunne han avslutta sin beste verdscup-sesong hittil med 11. plass samanlagt - uhyre sterkt! Han har gått 20 individuelle løp - og teke poeng i 17 av dei. I helga er det SM, og me gled oss alt til neste sesong!

Liv Kjersti har fått gå berre 11 verdscupløp denne sesongen. Ho avslutta med ein god jaktstart i Kollen der ho gjekk seg opp 15 plassar etter prikkfri liggskyting. Diverre slit ho med ståandeskytinga si, men me håpar ho finn att skyteforma til neste sesong. På plussida gler me oss over at farten er blitt betre i år. Samanlagt i verdscupen kom ho på 60. plass - etter å ha teke poeng i 3 løp. Me gled oss aller mest over den flotte 15. plassen på normalen i Osrblie før jul! 

Egil fekk ein sterkt amputert sesong på grunn av sjukdom. Han skulle nok ha teke mandeloperasjonen alt før jul. No er han frisk, kroppen fungerer att og han trenar bra. På NM-normalen tok han ein flott 4. plass etter strålande skyting (berre 1 bom), og han melder sjølv at han er fornøgd, men at forma i sporet ber preg av for dårleg treningsgrunnlag. Før han måtte bryta av verdscupsesongen, hadde han fått med seg 9 individuelle løp + 3 stafettar. 6 av løpa gav WC-poeng, og han enda til slutt på 58. plass samanlagt. Me hugsar med glede stafettsigeren i Østersund og ein flott 15. plass på sprinten i Osrblie - under vanskelege tilhøve og med skral helse. Og me håpar og trur at neste sesong kan bli ei frisk og god oppleving!

Ann-Elen fekk ikkje prøva seg i verdscupen i år. Det verkar som om ho var avskriven før sesongen starta, og då har ein ikkje mykje å stilla opp med. Men Ann-Elen gjer det bra i sitt nye liv som lærar i m.a. gymnastikk og friluftsliv på Fusa ungdomsskule. Me takkar for alle store opplevingar du har gitt oss i skisporet og på standplass og ønskjer lukke til som lærar!

23. mars:

Strålande løp av Liv Grete gav ein flott 5. plass - imponerande når me veit at ho fekk "spybeigen" på tirsdag! Me gler oss til jaktstarten!!

Diverre sprakk det for Raphael - det skal noko til å halda hovudet kaldt og konsentrert gjennom ein så lang og tøff sesong, og no har det nok vore mykje virak rundt familien Poiree siste dagane, så me forstår godt at det kan bli i tøffaste laget sjølv for ein mann med Raphael sin psyke! Me ønskjer lukke til i dei to siste løpa, og håpar på fellesstart-cupen! 2. plass samanlagt i ein sesong der marginane aldri har vore på Raph si side er uansett utruleg sterkt!!

Flott innsats av Carl Johan - med ein sterk 7. plass som utgangspunkt gler me oss veldig til jaktstarten!!

Liv Kjersti viser fin framgang i sporet - me gler oss over det på ein dag som ikkje var heilt som ho ville på standplass. Stå på vidare!

20. mars: Tusen takk - og lukke til :-)

Så er Liv Grete si avgjerd offentleg: Etter NM startar eit nytt liv for henne og resten av familien. Ein epoke er over for familien Skjelbreid - begge systrene avsluttar lange og innhaldsrike skiskyttar-karrierar. Me takkar hjarteleg for all glede, spenning og store stunder de har gitt oss opp gjennom åra - og for at de aldri har slutta å vera dei hjartegode menneska de er, gjennom mange år i ein tøff bransje med hard konkurranse og spisse albogar. Me ønskjer Ann-Elen lukke til i lærarjobben og Liv Grete lukke til med det ho måtte landa ned på når ho har fått sortert tilboda sine! 

Men først: Lukke til i Holmenkollen Liv & Raph, Liv Kjersti & Carl Johan! Og lukke til i NM Egil, Liv Grete og Liv Kjersti! 

Holdhus 19. mars:

Liv Grete og Egil deltok på kretsrenn på Holdhus i dag. Snøen har minka sterkt i finevêret siste tida, men takk vere ein flott dugnadsgjeng, der Egil òg har vore svært aktivt med, vart det skrapa saman nok snø til renn. Tungt, sugande påskeføre og litt vind. Liv og Egil gjekk tilnærma normalar - litt avkorta - og fekk greie gjennomkøyringar. Liv reiser til Oslo i morgon. Egil reknar med å stilla til start i NM.

 

 

 

 

Fleire foto av Liv Grete og Egil på Holdhus 19. mars!

Kontiolahti 18. og 19. mars:

Raphael har hatt ei imponerande rekkje med 2. plassar i dei siste renna, og no satsar me på at sigeren ligg på lur i Holmenkollen. Ståandeskytinga hans er fantastisk for tida, og samanlagtsigeren er absolutt innan rekkevidde. No leiar han med 21 poeng føre dei 3 siste konkurransane i Oslo. Me seier ikkje meir!

CJ greidde ikkje heilt å følgja opp sigeren, men held ein flott 15. plass samanlagt. Kjenner me han rett, er han på hogget igjen i Oslo.

Der gler me oss òg til å sjå Liv Kjersti i aksjon - og Liv Grete.

Kontiolahti 16. mars:

Gratulerer Carl Johan!!!!

Podium Kontiolahti

Foto: David Ekholm

Utruleg flott skyting - 0-0 - og eit sterkt løp - og så kunne CJ endeleg klatra til topps på sigerspallen i verdscupen for aller første gong - fantastisk!! CJ har no avansert til 15. plass samanlagt.

Sjå Carl Johan sin BLOGG!

Me gler oss òg over eit flott løp av Raphael. Han rykte frå Ole Einar i kampen om samanlagtsigeren: No leiar Raph med 21 poeng! Laurdag er det jaktstart med våre som start nr. 1 og 6 - dette vert moro!

Og endeleg fekk Liv Kjersti gå verdscup igjen. Ho var uheldig og braut staven i starten, måtte gå eit stykke utan stav, og så ei stund med for lang stav, før ho endeleg fekk ein ny av rette slaget. Llikevel heldt ho farten til Tora inn til 1. skyting, der ho skaut fullt. Det var sterkt! På stå vart det diverre 2 bom, men ein 36. plass - og NESTBESTE norske kvinne - er eit greit utgangspunkt føre jaktstarten. Me ønskjer LUKKE TIL!

Hålandsdalen 14. mars:

Både Liv Grete og Egil stilte opp i lysløyperennet på Holdhus tysdag kveld - til stor glede for både små og store. Overhøyrt kommentar: "Oj, dei går jammen fort!!!"

Årmotslia - Voss 12. mars:

Liv Kjersti gjekk ein strålande fellesstart under Noregscupen i Årmotslia i Myrkdalen på Voss. Etter tre overbevisande seriar med fullt hus vart det to bom på siste stå, men så hadde ho òg eit hav av tid ned til nr. 2 Solveig Rogstad. Det gjekk lett i sporet og skytinga var som nemnd svært patent - dette var moro! Og ikkje minst: Smilet var på plass hjå Liv Kjersti. Ta med deg den gode kjensla til Kontiolahti!

Elles hadde HIL 2 juniorar med på Hordalandslaget som tok sølv på stafetten i Junior-NM: Vegard Hansen og Sondre Eide. Gratulerer!!

Årmotslia - Voss 12. mars:

Seks skiskyttarar frå Hålandsdal IL var i aksjon i Myrkdalen i dag - 4 i Junior-NM og seniorane Liv Kjersti Eikeland og Sindre Hansen i Noregscupen. 17-åringen Vegard Hansen gjekk ein strålande sprint - med berre ein bom og stor fart henta han heim NM-tittelen. Me gratulerer så mykje! Vegard er ein skiskyttar som det vert spennande å følgja framover. Elles var laginnsatsen sterk - alle 4 juniorane våre oppnådde resultat som gav premie, dvs. at dei var mellom den beste tredjedelen av deltakarane i sine klassar. Flott innsats!

Liv Kjersti hadde ein bom for mykje til å dra sigeren i land, men farten i sporet var lovande!

Pokljuka 11. mars:

Raphael og Carl Johan held fram med "familiefeidane": Etter ein forrykande spennande innspurt, der begge to kunne ha blitt den som fekk tåspissen først over målstreken, vart resultatet til slutt det same som på sprinten: Ole millimetrane føre Raphael, og CJ på 3. plass. Kampen om samanlagtsigeren vert ein thriller utan like - Raph leiar no med 3 poeng. Det er berre å følgja med i Kontiolahti og på avslutninga i Holmenkollen!

Pokljuka 8. mars:

Strålande innsats av våre deltakarar: Raphael vart nr. 2 og Carl Johan nr. 3 på sprinten i dag!!! Dermed leiar Raphael verdscupen samanlagt 7 poeng føre Ole Einar. Det ligg an til ein svært spennande sesongslutt...

Liv Grete ladar batteria heime i finevêret i Fusa saman med Emma. Liv skal gå dei siste verdscupløpa i Holmenkollen, og deretter NM.

Egil har begynt å trena att etter operasjonen.

Liv Kjersti skal gå Norgescup på Vossestrand i helga, og er utteken til verdscupen i Kontiolahti. Me kryssar fingrane og satsar på at ho får gå også i Holmenkollen.

EM 27.2.-5.3.

Liv Kjersti fekk gå normalen og stafetten i EM. Det vart litt for mange bom på normalen til å nå heilt opp i toppen, men med 4 tilleggsminutt gjekk ho til slutt inn til 18. plass. Hadde ho greidd seg med 1, hadde ho gått 4. plass..... Liv Kjersti gjekk ein god 2.etappe for Noreg på stafetten. Ho skaut feilfritt på ligg, men måtte bruka 2 ekstraskot på ståande skyting. Men Ann Kristin Flatland rota det til alt på 1. etappen med 4 ekstraskot og 2 strafferundar. Jori Mørkve gjekk 3. etappe og skaut svært godt (1 ekstraskot) og Kari Henneseid Eie avslutta med 3 ekstraskot. Dei norske jentene enda på ein noko skuffande 11. plass, heile 5,39 minuttar bak vinnarane frå Kviterussland.

Egil operert 21.2.

I dag tok Egil mandlane. Operasjonen var vellukka og me vonar at dette hjelper og at han snart kan vera i trening att. Alle saag kor Norge trengde han paa dagens stafett............. Me ynskjer GOD BETRING!!!

 

Liv Grete og Raphaël er klare for sitt 3. OL. I Salt Lake City 2002 tok dei begge kvar si individuelle sølvmedalje - Liv på 15 km, Raph på jaktstarten. I tillegg hadde dei kvar si stafettmedalje med seg heim - sølv til Liv og bronse til Raph. No er OL nesten på heimebane for Team Poirée, og me gler oss til mange spennande løp. Carl Johan startar i sitt 2. OL. Me ønskjer alle tre lukke til!!!

OL-ekspertar!!

Ann-Elen og Egil har teke på seg å vera Fusa Biathlon Fanclub sine ekspertkommentatorar under OL. Ann-Elen har delteke i 3 OL, Egil i 2, og dei kjenner både sporten, arenaene og utøvarane ut og inn. Følg med framover på ekspertkommentarane!!!!

Ann-Elen sine OL-minne!!

 

Ann-Elen har delteke i 3 olympiske leikar: Lillehammer 94, Nagano 98 og Salt Lake City 2002. Første OL der kvinner fekk delta i skiskyting, var i Albertville i 1992. Ho har altså vore med på nesten alle OL for skiskyttarkvinner så langt! Det beste individuelle OL-resultatet fekk ho i sitt første OL: ein flott 17. plass på sprinten. Der vart det 4. plass på stafetten, neste gong bronse og i Salt Lake sølv. Me seier ikkje meir - men hadde ho fått gått i Torino-OL.....

 

Her fortel ho litt om sine mest spennande, mest nervøse, mest spesielle, rare, overraskande og gode minne frå OL.

Sesongen er over for Egil

Halsbetennelse og bronkitt som ikkje slepper taket, gjer at Egil må stå over resten av denne sesongen. Antibiotikakur og treningsstogg har ikkje hjelpt, og no ser han ingen veg utanom å ta mandlane. OL-sesongen starta så bra - aldri hadde han fått trent betre og kroppen fungerte topp, men så vart han forkjøla i november. Med skiskyttarane sitt tette program fekk Egil aldri sjansen til å bli frisk att - det var rett og slett ikkje tid til å bli frisk for han - og det har han fått betala dyrt for. No håpar me han slepper raskt til for mandeloperasjon, og at han blir heilt frisk att. Helsa er det viktigaste, og me ønskjer GOD BETRING!

I fjor redda han VM for oss med det historiske gullet på stafetten. I år må me setja vår lit til Liv & Raph - nesten på "heimebane".

Anterselva 22. januar 2006:

OL-uttaka er gjort, og me gler oss stort over dei 3 som skal vera med i OL - Liv Grete, Raphael og Carl Johan - og er veldig lei oss på vegner av dei 3 som ikkje får sjansen - Egil, Ann-Elen og Liv Kjersti.

Løpa i Anterselva synte at Liv & Raph er i rute - dei kjem garantert til å vera med å kjempa om OL-medaljane i San Sicario. Samtidig er det andre som må slita med dei gjerne tunge favorittstempla. Raphael leiar verdscupen samanlagt og Liv ligg på 10. plass når skiskyttarane no tek konkurranse-pause. Me ønskjer lukke til med OL-førebuingane!!

Dei svenske løparane deltok ikkje i Anterselva: Carl Johan har vore heime på Lillehammer for å ha ei roleg veke før svenskane si høgdesamling i Anterselva (sjå Carl Johan sin BLOGG!). Han er frisk att, og det vert spennande å sjå kva han kan greia i OL. Svenskane har nytta mykje mindre høgdetrening enn t.d. det norske landslaget - korleis kjem det til å slå ut? Me ønskjer lukke til!!

Sjukdom har øydelagd sesongen for det andre heimebuande paret vårt: Egil og Ann-Elen. Ann-Elen har aldri fått sjansen til å visa kva ho var god for denne sesongen. Og det var utruleg synd at astmaen skulle setja ein stogg for Egil. Samstundes må me seia at han igjen har synt kva for ein stor idrettsmann han er: Han gjorde det enkelt for landslagsleiinga ved å trekkja seg før det vanskelege OL-uttaket. Det må dei ikkje gløyma resten av sesongen! Me ønskjer GOD BETRING og lukke til etter OL!

Liv Kjersti vart òg sjuk på feil tid og fekk altfor lite høve til å vera med å kjempa om OL-plass. Me ønskjer også henne lukke til med resten av sesongen og reknar med at ho får gå verdscup-renna etter OL.

Ruhpolding 15. januar 2006:

Endeleg var det Liv Grete sin tur igjen :-) Ein stor gjeng var samla framfor storskjermen på Holdhus og heia henne fram bakke for bakke - og me er sikre på at ho kunne høyra oss heilt til Ruhpolding! Dette løpet hadde ho bestemt seg for å vinna - og med den gode, gamle Liv Grete-spruten gjekk det. Me gler oss med henne og gratulerer så mykje. Det skal bli moro i OL! Og lukke til i Anterselva med Emma på sidelinja!

Raphaël var skikkeleg tent etter Liv sin siger - det var lett å sjå. Begge hadde 4. plass på sprinten som utgangspunkt, og jammen måtte det målfoto til for å avgjera for dei begge. Milimetrane gjekk ikkje i Raph sin favør denne gongen, men du verda så spennande han gjorde det for oss - og me gler oss stort over 2. plassen.

Ruhpolding baud elles på nedturar òg for våre: Ei sjuk Liv Kjersti karra seg inn til 69. plass på sprinten, og fekk dermed ikkje visa kva ho har inne på jaktstarten i dag. Me er spente på om landslagsleiinga gjev henne ein ny sjanse i Anterselva når sjukdommen har slept taket.

Carl Johan merkar nok restane av sjukdommen i kroppen, og har nok meir å gå på. Men han er jo sikker på OL-plass.

Verre er det for Egil: Ingen av oss hadde trudd før denne sesongen at OL-plassen hans skulle vera i fare, men sjukdommen (astma/pusteproblem/lungeproblem) slepper ikkje taket, og Egil er reist heim for å prøva å bli frisk. Me syns det er utruleg trist - det er imponerande å stå på og stå på med så mykje motbør og "stang ut" som han - og Ann-Elen - har hatt denne sesongen. Me ønskjer god betring - og betre hell med resten av sesongen! Kos deg heima på Skjelbreid med den vesle solstrålen Kristi!

Etter Oberhof - 9. januar 2006:

Så er OL-året 2006 her, og etter WC-runden i tåkehavet i Oberhof kan me berre konstatera at våre heltar har ein del å gå på før OL-forma forhåpentlegvis innfinn seg til rette tid! Trass i vanskelege forhold og mykje skyterusk, var det òg gledeleg framgang å spora hjå både Raphael, Liv Grete og Egil. Me gler oss over at Raphael vann spurten om 3. plassen på fellesstarten, og at han held 3. plassen samanlagt i verdscupen, sjølv om det er OL som er viktigast for utøvarane denne sesongen. Me gler oss òg over Egil sin stødige innsats på stafetten - som alltid! - og at han hang så bra med i første del av fellesstarten. Det lovar bra! Og me gler oss over at Liv Grete viste gamle takter i sporet på stafetten, og elles stadig tek steg mot OL-forma.

Carl-Johan vart sjuk, men kjem heilt sikkert sterkt att i Ruhpolding. Han ligg no på 18. plass samanlagt i WC. Verre var det at Liv Kjersti òg vart sjuk - ho treng å få visa kva ho kan for å kvalifisera seg til OL, og me kryssar fingrane for henne i Ruhpolding. Dessutan treng Noreg henne!

Når me ser korleis dei andre norske jentene gjorde det i Oberhof, er me fortvila over at ikkje Ann-Elen får ein sjanse til å visa seg fram. Du verden kor me hadde trengt henne på stafetten! Me ønskjer henne lukke til i Noregscupen!

Fusa Biathlon Fanclub ønskjer både utøvarar og medlemer ei riktig GOD JUL og alt godt i eit spennande nytt skiskyttarår!!!

Osrblie og juleferie:

Carl-Johan er den av våre som kan seia seg mest fornøgd etter WC-runden i Osrblie. Han lukta på pallen på jaktstarten, men sprakk litt på siste skyting. 5. plass (og 6. på sprinten) er likevel flott! Me gratulerer. Dermed ligg han heilt oppe på 8. plass samanlagt i WC når han no tek juleferie.

Raphael er nok ikkje heilt nøgd med to 12. plassar og ein 8. plass, men han er nummer 2 samanlagt i WC berre 5 poeng etter tyske Wolf, og det er ikkje verst å kunna ta juleferie der, i ein sesong der det ikkje er verdscupen, men OL som er det store målet.

Egil gjekk ikkje normalen, men skaut fantastisk på sprinten - fullt hus. I sporet slit han med å finna att forma frå Beitostølen. Han vart sjuk etter Beito, og seier sjølv at han var litt for utolmodig med å gå i gang med hardtreninga igjen etter sjukdommen, og det har straffa seg. Me håpar at farten kjem att etter jul. Samanlagt ligg han no på 37. plass - men det er berre 8 poeng opp til 30. plassen som kvalifiserer til fellesstart, og me håpar at han når den etter ein god juleferie heime i Hålandsdalen saman med Ann-Elen og Kristi.

Liv Kjersti gjekk ein flott normal i Osrblie - der hadde ho fart i tillegg til god skyting, som ho jo har vist i heile år, og det heldt til ein fin 15. plass. Me har høyrt at nordmennene sine ski var elendige - dei hadde visst ikkje eige smørjeteam med! Synd både for Liv K. og Egil. Liv Kjersti tek juleferie på ein 39. plass i WC-samandraget. Me håpar på fleire gode poeng etter jul!

Liv Grete var saman med det norske landslaget på høgdesamling og gjekk som kjent ikkje i Osrblie. Ho viste svært gode takter i Hochfilzen, og det lovar bra for OL. Ho tek juleferie i Hålandsdalen på ein 29. plass og er dermed kvalifisert til fellesstart saman med Linda Tjørhom.

Ann-Elen har vore maks uheldig: Ho fekk ikkje visa seg på Beitostølen der forma var prikka inn, og drog så heim og vart sjuk. Denne sjukdommen har ho slite med sidan, og dermed fekk ho heller ikkje starta i E-cup og W-cup før jul. Ho gjekk Norgescup på Ål i helga, men slit framleis med sjukdom. Me ønskjer lukke til med satsinga etter jul!

 

29.november:

Endeleg er dei i gang att, og dei 5 av våre som fekk starta i Østersund gjorde sine saker bra. Raphaël viste alt på sprinten at han må reknast med på pallen - som vanleg! Etter glimrande skyting, feilfri trass i ladekluss, vart det 2. plass - gullet glapp nok på ladetrøbbelet. På jaktstarten ruska han litt meir til han å vera, og gjekk inn til 7. plass. Etter ein god stafettetappe kunne Raph og Frankrike klatra opp på bronseplass på pallen.

Egil hadde gjort unna ein penicillinkur rett før WC-start, og har nok meir å gå på i sporet, men skytinga vart betre og betre i helga: To bom på stå og 34. plass på sprinten, berre to bom på jaktstarten og dermed gjekk han seg opp 16 plassar til nr. 18, og så feilfri skyting og ein flott stafettetappe, der han gjekk Noreg opp frå 14. til 5. plass - og det enda som kjent med stafettgull! Dette må vel vera OL-laget?!!

Carl Johan har fått endå meir fart i kroppen - på jaktstarten hadde han nestbeste langrennstid av alle! Men han bomma litt meir på heimebane enn me er vane med frå den kanten: 20. plass med 2 bom på sprinten, 13. plass med 4 bom på jaktstarten og 5. plass på stafetten, der CJ måtte bruka 3 ekstraskot. Når WC-startnervane roar seg, vert han for alvor farleg!

Liv Grete er i sving igjen - på veg mot gamle høgder. Også ho har gjort unna ein penicillinkur, men kroppen tek til å fungera att. Frå 40. plass på sprinten etter 4 bom gjekk ho seg opp 20 plassar på jaktstarten etter feilfri førsteskyting, og deretter 1 liggbom, 2 ståbom og 1 bom på siste stå. Stafettetappen hennar var solid, og som startkvinne sende ho Gro Marit ut med god kontakt med teten. Endeleg fekk Liv Grete stå øvst på sigerspallen igjen saman med dei andre norske jentene!

Liv Kjersti fekk heldigvis vera med til WC i Östersund, sjølv om det ikkje vart noko uttakingsrenn på Beitostølen, og ho viste at ho var verd plassen og vel så det! Feilfri skyting på sprinten gav 28. plass og verdifulle WC-poeng. På jaktstaren klatra ho 3 plassar opp etter to feilfrie skytingar, men 1 bom på siste ligg og 2 på siste stå. Fysisk er Liv Kjersti blitt endå sterkare enn i fjor, og farten ser ut til å vera på veg!

Ann-Elen har ikkje hatt lukka med seg dei siste åra - og heller ikkje no: Etter beinhard satsing i sommar og haust var ho i form og klar for sesongstart på Beitostølen - men som kjent vart det ikkje noko av uttakingsrenna her. Ho drog heim - og vart sjuk. Medan dei andre gjekk WC, gjekk ei sjuk Ann-Elen på penicillin uttakingsrenn på Dombås. Det fungerte ikkje. Og så er første norgescup-renn komande helg utsett 14 dagar, og det vert vanskeleg for Ann-Elen å få kvalifisert seg til E-cup og siste WC-runde før jul i Orsblie. Men me håpar at ho framleis har ein liten sjanse, og me kryssar fingrane!!

 

15. oktober:

OL-turane er no fullbooka, men me kan setja interesserte på venteliste i tilfelle nokon melder avbod.

12.-13. november er det som kjent åpningsrenn på Beitostølen med fellesstart laurdag og sprint søndag for både kvinner og menn. Då vil det visa seg kva alt treningsarbeidet utøvarane har lagt ned i sommar og haust, er verd i høve til konkurrentane. Men det er framleis lenge til OL, då formtoppen skal vera der. Ekstra spennande blir det i år for dei tre kvinnene våre: Ann-Elen, som kjem igjen etter morspermisjonen, og sjølvsagt også for Liv Kjersti, som har valt å følgja sitt eige opplegg utanfor det norske landslaget, og for Liv Grete som me håpar og trur er tilbake der ho skal vera etter sjukdomsproblema i fjor. Me kryssar fingrane og ønskjer både dei og Egil, Raphaël og Carl Johan lukke til!

Me minner samstundes om NSF sine kriterier for uttak til WC-renn og OL:

"BASIS.

For å bli tatt ut til WC må løpere være gode nok til å ha reell mulighet til å ta WC-poeng. For å bli tatt ut til WC gjennom konkurransesesongen må løpere i utgangspunket kvalifisere seg gjennom prestasjoner på høyt nivå i EC. Løpere som ikke oppnår gode nok resultater i WC vil forløpende bli vurdert opp mot løpere fra EC.

 

WC 1,2 og 4-6 vil brukes som grunnlag til innstilling av OL tropp og distanseuttak OL.

 

Til WC 3 sendes en tropp bestående av nest beste løpere.

 

For uttak til WC 7-9 vil det bli lagt mer vekt på skjønn enn ved uttak foretatt tidlig i sesongen.

 

Økonomiske hensyn vil ha betydning for størrelsen på lagene som blir sendt til WC

 

IBU har vedtatt at nasjoner som har løpere blant de 10 beste i EC sammenlagt etter en nærmere angitt dato kan få stille med inntil 2 løpere utover opprinnelig kvote i WC 8 og 9. Dersom Norge velger å benytte seg av disse plassene vil NSSF velge ut hvem av de kvalifiserte som får stille. I denne vurderingen vil følgende argument bli vurdert:

-         Løpere som NSSF ønsker å gi internasjonal konkurranseerfaring.

-         Økonomi

-         Prioritering i forhold til andre konkurranser

-         Alder

 

I tillegg kjem altså skjønn - les meir om dette på NSF sine sider!

 

24. september:

Hordaland skiskyttarkrins skipa til jentesamling for 12-15-åringar på Holdhus med deltakarar frå Fana, Kvam og Hålandsdal IL. Instruktørane var òg frå HIL: Gitle Berland og Anne Grete Gjerdevik. Til stor glede for deltakarane stilte Ann-Elen og Liv Grete opp som gjesteinstruktørar på rulleskiøkta.

    

    

Elles kan me melda at både Ann-Elen og Egil, Liv Grete og Raphael trenar heime i Hålandsdalen no, og at Liv Kjersti og Carl-Johan nett er ferdige med treningssamling i Ruhpolding. Alle er ved godt mot!

19. september:

Reisebrev frå Carl Johan i Rupholding:

Efter en rejäl portion gröt är allt bra igen

 

Varje morgon när jag vaknar undrar jag om jag verkligen ska klara att ta mig ur sängen. Kroppen ömmar och jag känner mig helt borta. Visst har jag blivit äldre, men ska det verkligen kännas så här? Att vakna upp och tro att åldern blivit långt över pension beror bara på en man, herr Wolfgang Pichler. Men enligt samma man, SKA det kännas så. Annars har vi tränat för lite!? Efter en rejäl grötportion är allt som det ska igen. 

 

Denna vår, sommar och höst är den absolut det tuffaste jag upplevt. Varje söndag när e-posten nerlastats har jag svurit om Wolfgang verkligen är frisk. Varje dag har känts helt omöjlig att genomföra. Mängden träning är nästan omöjlig att förstå. Men varje dag genomför vi mellan 4-6h effektiv fysiskträning, till det tillkommer skjutträning, material vård och resor. Mitt jobb är annorlunda, väldigt annorlunda. Men det roliga och konstiga är att jag trivs. Frågan är bara om jag verkligen är riktigt 100…

 

Dagarna rusar fram. Under en dag: vaknar, äter, tränar, äter, sover, äter, tränar, äter och somnar jag. Tid till andra ”måsten” är nästan obefintlig. Det enda en vecka består av är längtan till söndag och vila. Det värsta är att söndagen endast är 15h lång och att det är 11 träningspass till nästa. Men som sagt jag skulle ha svårt att byta jobb med någon annan. Det är inte alla som får vara ute varje dag, susa över fjället på en dyr cykel, känna vinden bita i kinderna med en känsla av att man är oslagbar.

 

Under sommaren har vi varit på läger 10 dagar i ruhpolding och 1 vecka i Boden. Resten av tiden har jag varit hemma i Bergsäng, Lillehammer och hemma hos Liv Kjerstis föräldrar på norska västlandet söder om Bergen. Just nu befinner vi oss på första av två höstläger i Ruhpolding.

Solen har verkligen följt med mig denna sommar. En dag i regn på hela sommaren måste vara rekord. Det är därför vi väljer Ruhpolding såhär års. När hösten dundrar in över Skandinavien brukar sommarvärmen ligga kvar här nere. Just idag hoppas jag att ni har bättre väder än oss. Jag fick faktiskt springa i årets första snö. Ska tilläggas att jag fick springa/bestiga 1000 höjdmeter innan backen var vit.

 

Det går inte en dag utan att tankarna går mot San Sicario, Turin och de olympiska spelen. Våren, sommaren och första delen av höstens träning ligger helt i planen. Jag har förresten redan nu åkt alla olympiska distanser ett 100-tal gånger i mina drömmar. Siktet är sedan länge inställt.

Det är mindre än sex veckor kvar tills vi står på första snön. Tiden rusar och jag längtar.

 

/Carl Johan Bergman

den 19 september 2005 Ruhpolding

17.-18. september-05:

 (Foto: www.fetskiklubb.no)

NM i sommarskiskyting i Fet: Liv Grete, Ann-Elen og Egil sesongdebuterte på rulleski i helga. På sprinten laurdag vart det 3. plass til Liv Grete etter litt rusk på ståande. Ho sa sjølv på NRK at ho vart litt for grundig og dermed litt sein slik at teknikken ikkje stemte på stå. Men dette ordnar ho på, veit me, og farten var den same som hjå nr. 2 Gro Marit. Begge hadde 4 rundar til saman. Tora Berger vann med berre 1 runde, men GM og LG var berre halvminuttet bak henne. For Ann-Elen vart det ekstra spennande å prøva seg saman med toppane att etter ein lang pause i svangerskap og morspermisjon. Litt tungt, melder ho, men legg til at dette hadde ho godt av. Både ho og me håper det kjem seg med litt meir renntrening. Ho hadde kluss med børsa før løpet, og fekk dermed svært amputert førebuing. Det vart 6 rundar og 14. plass. Egil er med der han skal - 4. plass med 3 rundar, 57 sek. bak tredjeplassen, og nestbeste landslagsløpar.

Jaktstarten søndag gav endå betre resultat for våre: Etter ein spennande innspurt (sjå foto) vart det delt andreplass på Liv Grete og Gro Marit. Det vart seks bom på begge Skjelbreid-systrene. Ann-Elen hadde to flotte seriar, men det ruska litt. Ho klatra likevel til ein fin 10. plass. Egil tok steget opp på pallen etter to feilfrie skytingar, men måtte tola til saman tre rundar på dei to siste skytingane. Han var den beste av landslagsløparane som deltok. Vel blåst start!

Raphael passa barn og heim og trening heime i Fusa, medan Liv Kjersti og Carl-Johan var med det svenske landslaget på samling i Ruhpolding.

September -05:

Egil har vore på 3 vekers samling med landslaget, Ann-Elen, Liv Grete og Raphael på to veker med høgdetrening i Frankrike.

August -05:

Alle våre seks utøvarar er i full trening føre den spennande OL-sesongen, og me gler oss over at dei ser ut til å vera godt i rute.

Fanklubben er òg i rute med planlegginga av OL-tur - sjå meir info under "Aktivitetar"

      

Helsing frå Liv Kjersti mai 2005 - etter sesongen 04/05

Sesongen har gitt meg både oppturer og nedturer på godt og vondt. Følte det begynte bra før jul. Fekk til eit bra løp i Holmenkollen med 11p på normalen. Moro å få det til på heimebane. I Østersund var ikkje kroppen heilt med på leiken, og eg måtte ta juleferie med ein litt dårleg følelse. Fekk vera med å gå show- renn i Tyskland, dette var utruleg moro. Ei kjempe erfaring å ta med seg vidare, og ein opplevelse for livet!

Etter jul blei eg sjuk, og kroppen var ute av slag. Så WC runden i januar var ikkje spesielt moro. Tok det veldig med ro ei stund, og forsøkte å trena meg sakte men sikkert opp att. Fekk muligheten til å gå i VM, dette var første gongen og noko eg har drømt om lenge. Var ein stor opptur å kjenna at kroppen fungerte på normalen, og at eg klarte å få til ei bra plassering. Det å bli tatt ut for å gå stafett var og utruleg moro, men blei ikkje heilt som eg hadde trent på. Ei erfaring rikare, og noko som eg må ta med meg å jobba vidare med.

Eg kjem til å fortsetta å trena med det svenske laget, føler at det er dette som fungerer best for meg. Har fått mange nye erfaringer, som eg prøver å bruka positivt i sesongoppkjøyringa. På torsdag reiser eg på sesongens første samling, gleder meg veldig!!!

 Liv Kjersti

Reisebrev frå Carl Johan - ved sesongslutt 2005

Nu är skidorna bortlagda..

Nu äntligen har jag gjort sista tävlingen för denna säsong. För just nu känns det just - äntligen. Snön gråter och försvinner fort, likaså har mina krafter gjort. Men tack vare att jag såhär på vårkanten gjorde min riktiga debut i Bore Biathlon’s tävlingsdräkt hittade jag ännu en outtömd energidepå.

 

Det har varit en riktigt kul vecka här uppe i Boden. Skidskyttefamiljen Bore Biathlon har verkligen tagit hand om mig. Här kände man sig som hemma redan efter par minuter. Det har också varit riktigt skoj att lära känna så många nya, positiva människor. 2005 års SM blev en lyckad tillställning för både mig och för värmländskt skidskytte.

 

Två guld och ett silver är vad jag kunnat väntat mig. Lite för dåliga skidor under 20km-loppet gjorde att jag inte orkade knipa trippeln. Men vad gör väl det när Värmland håvar in medaljer i nästan samtliga klasser. Hip Hurra för alla unga medaljörer!

 

Nu väntar en tid för återhämtning. En trött Carl Johan ska verkligen vilas. Tävlingar ska bli ett minne blott och under de nästkommande fyra veckorna kommer mina dagar bara att styras av mig själv och min egen lust. Ingen press och inga måsten. Men när tiden närmar sig 2 maj är det åter dags att leta fram träningslusten. Då börjar återigen vardagen med nya mål i sikte. Och kanske är det en OS medalj som glimmar långt, långt där framme?!

 

Boden den 3 april 2005

 

Carl Johan

 

P.S Om solen står högt på himlen och snön fortsatt lyser vit och fin kanske jag inte orkar hålla mig utan får lust att leta fram skidorna från förrådet och ge mig ut på ännu en härlig skidtur. Men då är det bara om jag riktigt känner för det! D.S



Nu är det över

 

Det har verkligen gått fort. Det var inte länge sedan vi var i Beitostölen och väntade på en lång och spännande säsong. Nu är det över och just nu väntar en lång hemresa.

 

Våra chartrade plan från Salzburg landade förra måndagen mitt i ingenstans, för Khanty Mansiysk ligger mitt ute på sibiriska tundran.

 

Khanty Mansiysk är ett center för olja, överallt växer stora dyra hus upp. Det byggs nästan överallt. Men det behövs för allt annat är så gammalt och slitet, det är verkligen kontrasternas stad. Här blandas de senaste lyxbilarna med knappt rullande Lador. Bredvid lyxiga kontorskomplex finns ruckel som hemma inte skulle duga att förvara hö i.

 

Man kan inte sluta att förvånas över arbetseffektiviteten här borta. Det händer ingenting och när det väl börjar hända saker är det en som jobbar medan tre tittar på.

 

Men vi har haft en fin vistelse här i alla fall. Maten har varit helt ok men fettet snålade de inte på. All mat som serverades hade man hällt smält smör över. Ingen smalmat med andra ord men fullt ätbart och det är viktigast.

 

Sista veckan här borta i Ryssland har varit tuff. Fyra tävlingar på fem dagar har verkligen tömt kroppen.

 

Resultaten sista veckan har varit riktigt bra. Formen har verkligen varit bra och skyttet har fungerat bättre. Två bom på varje tävling är helt ok. Det roliga är att jag lyckades komma på fjortonde plats i totala cupen, ett rejält framsteg från ifjol.

 

Nu väntar några dagars vila innan vi ska klämma ur sista droppen. Dagarna efter påsk väntar nämligen SM i Boden. Då ska jag dit och försvara mästerskapstiteln.

  

Khanty Mansiysk / Salzburg den 21 mars 2005

 

Carl Johan Bergman

 

Sesongen 2004/05:

Han vart litt rar denne sesongen, men stort sett alle våre har gjort seg nyttige erfaringar og hatt sitt å slita med som det kan vera greitt å gjera seg ferdig med sesongen før OL!

Sjølv om dei nasjonale meisterskapa står att - FM for Raphael i påsken, NM 31.3.-4.4. og SM i Boden i Nord-Sverige for Carl Johan 1.-3.4. - skal me prøva oss på ei lita sesongoppsummering. For det første gler me oss stort over at alle våre seks har fått oppleva å stå øvst på sigerspallen denne sesongen: Liv Grete på fellesstarten i Østersund, Raphael både der og i Khanty-M. og på jaktstarten i Oberhof, Egil på jaktstarten i Østersund, Ann-Elen på sprinten under Vestlandsmeisterskapen på Holdhus, Liv Kjersti på show-rennet i Tyskland i romjula og Carl Johan på stafetten i Oberhof. Dette er ikkje verst!!! Det kanskje aller største rennet for oss var jaktstarten i Østersund der me endeleg fekk Egil på toppen og i tillegg Raphael på 3. plass. Det mangla berre Carl Johan på nr. 2.....

Elles har virus, bakteriar og anna skummelt herja med våre på etterjulsvinteren. Me er litt skremde over at alvorlege virus som Liv Grete og Egil har slite med, ikkje har vorte oppdaga før. Den friskaste av våre har nok vore Carl Johan. Elles veit me at det òg har vore vanskar med utstyret for nokre av våre - men det er slikt som dei ikkje snakkar høgt om. Marginane er ørsmå i toppen i dag, og ein må ha alt på si side dersom ein skal få fullklaff. Og så gler me oss over at endå eitt av våre par har blitt småbarnsforeldre: Ann-Elen og Egil. Det kjem til å by på store utfordringar framover - det veit alle som er i tilsvarande situasjon - ikkje berre for foreldra, men òg for arbeidsgjevarane. Liv og Raphael har gått føre og bana veg, men her har framleis heile toppidrettsmiljøet mykje å læra. I alle andre yrke går det sjølvsagt an å få barn - og slik må det òg vera for toppidrettsutøvarane våre!! Me ønskjer lukke til!!

Liv Grete deltok i 15 av 27 individuelle WC-løp og tok poeng i 13 av dei. 7 gonger var ho mellom topp 10, og ho vart nr. 22 samanlagt i WC. Ikkje verst i ein sesong der ho har streva med for mykje av alt! Her er mykje positivt å ta med seg til neste sesong, og ho har lært svært mykje både på godt og vondt.

Liv Kjersti deltok i 13 WC-løp og fekk poeng i fire av dei. Normaldistansen har vore hennar styrke, sikker skyttar som ho er, og der vart ho nr. 25. Flott med så få løp! Totalt i verdscupen kom ho på 46. plass.

Raphael hadde ein ny sterk sesong. Han deltok i 25 WC-løp og tok poeng i alle så nær som sprinten i høgda i San Sicario. 3 sigrar, 4 andreplassar, 3 tredjeplassar, 15 topp-6-plasseringar og 21 topp-10 er solid. Han viser styrken sin først og fremst i fellesstartane: På dei 4 fellesstartane denne sesongen vann Raphael 2, fekk 1 andre- og 1 tredjeplass - og han vann fellesstartcupen saman med Ole Einar. I både sprint- og jaktstartcupane vart han nr. 3 og i normalcupen nr. 6. Samanlagt vart Raphael nr. 3 - bak Ole Einar og Sven Fischer. Desse tre var i ein klasse for seg i vinter.

Egil er den einaste av våre som har gått alle dei 27 individuelle løpa - sterkt når ein veit kva han har slite med av virus og beinproblem. Viruset har verka slik at han har måtte ha lenger tid til restitusjon enn normalt. Når han dessutan endeleg vann eit verdscuprenn (han var ein av 10 ulike sigerherrarar i år), må me seia at denne sesongen har vore stor for Egil. Han har ei individuell pallplassering til: 3. plassen på sprinten i Oberhof. Dessutan har han gått alle dei "normale" herrestafettane for Noreg, og vunne alle der me ikkje vart diska!! Før viruset slo til var farten høgare enn nokon gong før, og skyteforma har vore svært god i heile vinter. Han kan sjå tilbake på 9 plasseringar mellom dei 10 beste og 18 mellom dei 20. Berre i 4 WC-løp vart han utan poeng. Han låg lenge som nestbeste nordmann samanlagt i WC, og vart til slutt nr. 9 og nestbeste nordmann i jaktstartcupen, tredjebest i normalcupen på nr. 20, fjerdebest i sprintcupen på nr. 11, og 5. best i fellesstartcupen på nr. 17. Samanlagt fekk han ein fin 13. plass - som 4. beste nordmann, like bak Eckhoff og Hanevold.

Carl Johan har verkeleg teke steget opp blant dei store i WC denne sesongen. Han har gått 23 løp og teke poeng i 16 av dei. Heile 10 av desse var topp-10-plasseringar! Han har hatt ein litt liknande sesong som Egil hadde i fjor: Svært stabil, sjølv om pallplassane har mangla. Han har 22 femteplassar og 3 sjetteplassar som beste individuelle plasseringar. I tillegg har han gått alle dei 6 stafettane - denne sesongen som ankermann for Sverige. I Oberhof kunne han kryssa målstreken først av alle! Samanlagt i WC vart Carl Johan nr. 14 - rett bak Egil. Han slo Egil i normalcupen, der han vart nr. 11. Elles vitnar 15. plass i jaktstartcupen, 16. plass i sprintcupen og 18. plass i fellesstartcupen om ein flott sesong for svensken vår!

Me ønskjer alle våre lukke til i dei nasjonale meisterskapa!!

 

WC-slutt 2005:

Endeleg kunne Raphael stiga til topps på sigerspallen igjen! Me gratulerer!! Avslutninga i Khanty-M. baud på mykje gledeleg for oss: Gullet til Raphael og sigeren i fellesstart-cupen, flott innsats av Egil - god skyting og framgang i sporet att - han gjekk seg opp på jaktstarten frå 10. til 8. og det tyder kanskje på at viruset slepper taket? Strålande avslutning av Carl Johan med 6. plass på jaktstarten og 8. på fellesstarten. Og så fekk Liv Kjersti prøva seg att. Verdas beste kvinnelege ligg-skyttar med ein treffprosent på 95, sa Ola Lunde, og det gjorde ho ikkje skam på. Så får ho heller jobba vidare med siste stå!

VM i Hochfilzen 4.-13. mars 2005:

Fuas Biathlon Fanklubb hadde ein fantastisk VM-tur der opplevingane stod i kø og stemninga stod i taket. Resultatmessig visste me at dette VM-et ikkje kunne bli som det forrige, men me fekk mykje å gle oss over. Det starta med strålande skyting av Egil på sprinten (to fulle hus) og ein flott 8. plass til Carl-Johan. Men det gjorde vondt å sjå Liv Grete pina seg gjennom sprint-løypene og gå inn til ein 37. plass. Me sende straks følgjande limerick inn til Carlsen og Rike i NRK-bua:

Fusa-fanklubben er fortvila:

La no jento vår få kvila!

Gje ho ro og tid

slik at ho kan bli

med for fullt i OL - og smila!

Det var godt at ho endeleg fekk løpsfri - me håpar at ho òg får fred for alt anna press slik at ho kan få samla krefter att og førebu seg i ro og mak på ein ny sesong.

På jaktstarten fekk me ikkje nokon av våre med på premieutdelinga (dei 8 beste), men me hadde jo norsk gull begge dagar med Ole Einar. På normalen gledde me oss over Raphael sin 8. plass og Liv Kjersti sin flotte 16. plass. 

Og så kom den verkeleg store dagen: Herrestafetten og gull til Egil og resten av gjengen. Egil gjekk ein strålande stafett-etappe og me var ikkje nedpå resten av dagen!! Tyskarane (som var i klart fleirtal mellom publikum) undra seg på desse "Heia Egil"-plakatane me gjekk rundt med og lurde på kven han var. Han gjekk den strålande 3. etappen for Norge, sa me. - Men Ole Einar då? spurde dei?? - Han gjekk 4., sa me!!

Me var òg glade for at Liv Kjersti fekk prøva seg på VM-stafetten. Ho heldt glimrande første runde og første skyting, men det vart for tøft. Likevel: Ho er ikkje den første som har missa i ein VM-stafett, Uschi Disl fekk òg strafferundar og 2 strafferundar er betre enn 6! Dessutan meinar me framleis at det er når det buttar imot at dei treng oss som mest, og 5. plass på ein VM-stafett er ikkje verst - særleg ikkje i ein sesong der Liv Grete ikkje er seg sjølv.

VM-avslutninga vart òg forrykande spennande med fellesstartane. Bronsen til Raphael var god som gull for oss, og då får Ole Einar heller bera over med oss.... Det var òg stort med gullet til Gro Marit - då ingen av våre stilte på startstreken, heia me på vossajento og det til gagns!

Før VM:

Fusa Biathlon Fanklubb er klare for avreise til Austerrike med 45 ivrige supporterar, faner, flagg og heimespøta songar - og laks frå Holmefjord Fryseri. Me skal ha med oss heile VM, og gler oss stort til å heia fram heltane under mottoet: "... Og uansett korleis da går, so ska no me stå på!!" Me håpar at alle virus har sleppt taket i våre utøvarar, og held fast på at det er når det buttar litt imot at dei treng oss som mest!!

Pokljuka:

Dei siste WC-renna før VM synte at Raphaël er på gang, og me kunne gle oss over gode løp både av Liv Grete og Liv Kjersti. Synd at Liv Kjersti vart sjuk etter jul, slik at ho gjekk glipp av uttaket til sprint/jaktstart i VM, men ho er heldigvis med i VM-troppen. Me gler oss stort over uttaket på herresida der Egil stiller til start frå første dag på sprinten 5. mars. Han har hatt sin sterkaste sesong nokon sinne før høgderenna starta, og me håpar at han finn tilbake til storforma til VM. Svenskane stilte ikkje i Pokljuka, men Carl-Johan har synt gode takter denne sesongen og vert eit spennande kort i VM.

VM på Holdhus 19.-20.2.2005:

Hålandsdal IL tjuvstarta med VM nokre veker før det brakar laus i Hochfilzen. Vestlandsmeisterskapen i skiskyting vart skipa til i strålande sol, og Ann-Elen stilte på startstreken på sprinten laurdag etter nesten eitt års pause. Ho vart mor for knappe fire månader sidan. Dei siste ni åra har ho vore med på det norske landslaget i VM, og måtte sjølvsagt nytta høvet til å få sitt 10. VM i år! Skyteforma er på plass: Det vart berre ein bom - på stå. Farten i sporet var grei - men som ho sjølv seier: Hadde det gått fort no etter så lite trening, hadde det jo ikkje vore vits i å trena! Ann-Elen sikra seg Visekongepokalen for kvinner senior, som var sett opp - og delt ut - av H. E. Visekongen av Fusa. Søndagen var det skiskyttardronninga som var medaljeutdelar.

I VM i Austerrike i mars vert Ann-Elen å finna på sidelinja - som sekundant og støttespelar for Egil. 

Anterselva 19.-23.1.2005:

Anterselva vart ingen stor suksess for våre utøvarar - bortsett frå den flotte 5. plassen til Carl Johan på normalen. 8. til Raphael og 15. til Egil klagar me heller ikkje over.

For første gong på mange år stilte det ingen fusajenter på startstreken i verdscupen. Liv Kjersti slit tungt med beina og var reist heim for å prøva å finna att forma. Liv Grete trong heller kvile og trening enn fleire harde konkurransar etter alt ho har vore gjennom den siste tida. Og etter kvart måtte også Raphael ta seg ein pause - han stod over jaktstarten og reiste i staden heim til Frankrike saman med familien. "Eg var trøytt i hovudet. Det var mykje stress i World Cup, og eg prioriterte familien," seier Raphael på telefon frå Villard de Lans, der Team Poirée kviler og trenar. Han melder at alle er friske no, og at alt står bra til.

Egil likar seg ikkje i høgda, og treng lenger tid enn mange andre på å aklimatisera seg. Dessutan var det vel ikkje fritt for at han tok til å sakna Ann-Elen og veslejenta, og no er han heime på Skjelbreid for å vera pappa, gjera unna barnedåpen og lada batteria før det norske landslaget dreg på samling siste veka før prøve-OL i Cesana-San Sicario i Italia. 

16.1.2005:

Hadde Raphael skote som Egil i dag, eller Egil gått som Raphael, hadde me hatt vinnaren! Raphael heldt ein voldsom fart i sporet, men sprakk på første stå etter å ha følgd Lars Berger, tilsynelatande lett, på heile runden. Dei tre bommane her øydela nok for pallplass. Det vart 8. plass - Raphael si svakaste plassering denne sesongen. Det seier mest om nivået han held!! Egil skaut fantastisk bra - best av dei norske! - med 19 treff, men i sporet gjekk det for seint i dag. Likevel plasserte han seg igjen mellom dei 10 beste (nr. 9), var tredje beste norske og heldt 4. plassen sin i verdscupen, som framleis vert leia av Raphael. Carl-Johan stilte ikkje til start i dag.

15.1.2005:

Raphael gjekk eit fantastisk løp på sprinten i Ruhpolding i dag, skaut fullt hus og heldt høg fart i sporet. Her var det ikkje mykje å merka til at han har vore sjuk. Me gler oss over at det går bra med veslejenta - og då kan også pappa yta sitt beste. Dette heldt til ein strålande 2. plass, berre 3,6 sek. bak Ole Einar, som tok sin 46. verdscupsiger i dag og dermed tangerte Bjørn Dæhlie si sigersrekkje. Det ligg an til ein uhyre spanande jaktstart! Raphael leiar framleis både sprintcupen og verdscupen samanlagt med god margin.

Egil gjekk eit nytt sterkt løp, og med feilfri skyting var han berre nokre få sekund frå pallplass saman med dei to store: Ole Einar og Raphael. No ligg han på 3. plass i sprintcupen og 4. plass samanlagt. Strålande! Me gler oss til jaktstarten i morgon.

Carl Johan berga jaktstarten med eit naudskrik: Med tre bom på ligg og ein på stå hadde han ein tung dag på skytebanen, og enda som nummer 60.

14.1.2005:

Liv Grete hadde viktigare saker å ta seg av i dag enn å gå på jobb: Ho og Raphael måtte på sjukehus med Emma. Me håper alt går bra med veslejenta og sender varme tankar til familien Poirée - ingen ting er verre for foreldre enn sjuke barn. Dermed er Ruhpolding-konkurransane over for Liv etter som jaktstarten søndag byggjer på sprinten. Så får me sjå korleis det går - om Raphael kan stilla til start i morgon.

Liv Kjersti får det ikkje til å stemma i sporet, og med ein bom på kvar skyting enda ho bak den magiske grensa - 60. plass - og får ikkje stilla på jaktstarten. Må håper det løysnar for Liv Kjersti snart - som Kjell Kr. Rike sa det: Liv Kjersti er mykje betre enn dette!

13.1.2005:

Me gratulerer Egil og det norske laget med sigeren på stafetten i Ruhpolding i dag. Egil var tilbake der me gjerne vil ha han: På startetappen. Det takla han som venta bra. Han måtte berre bruka eitt ekstraskot på ligg, og på stå vart det fullt hus på første forsøk. Flott! Egil sende Stian Eckhoff ut på andreetappe som nummer 4. Østerrike var overraskande i leiinga, men dei har ikkje fire mann som er stabile nok til å halda topplasseringa, og kampen kom til å stå mellom Noreg og Tyskland. Ole Einar Bjørndalen gjekk ut likt med Tyskland, men hadde ingen problem med å dra sigeren i land.

Carl-Johan gjekk ankeretappen for Sverige, måtte bruka tre ekstraskot på ståande, og greidde 6. plassen. Raphael kunne ikkje stilla på grunn av magesykje - som hadde slått store deler av det franske laget. Me håper det går fort over slik at både Liv og Raph kan stilla på dei individuelle løpa. God betring til heile familien!

12.1.2005:

Dei norske kvinnene tok ein fin 3. plass på stafetten i Ruhpolding i dag. Liv Grete gjekk sisteetappen, og det er tøft når ein ikkje heilt har dagen og tankane gjerne er ein annan stad. Ho gjorde ein flott innsats og auka den norske leiinga fram til ståande og siste skyting, men der fekk ho den store smellen som alle får ein eller annan gong. Det vart to strafferundar, og då ho var ferdig med dei, tok ho feil av utgangen, og gjekk for langt. Ho bråbremsa for å snu og klatra oppover att til utgangen, og datt før ho kom seg rett veg. Dermed var Kati Wilhelm oppe i ryggen på henne, Liv stivna og den raudhåra tyskaren klatra forbi henne. Liv Kjersti var ikkje med på det norske stafettlaget denne gongen.

9.1.2005:

Raphael viste nok ein gong sin mentale styrke og henta heim sigeren på den svært spennande jaktstarten i Oberhof i dag. No leiar han både samanlagt i verdscupen og tre av dei fire spesial-cupane. I normalcupen - der det berre har vore eitt renn - ligg han på 5. plass. Imponerande!! Han viste òg for eit stort menneske han er, då han gav førsteprispengane sine til offera etter flodbølgjekatastrofen.

Egil synte òg imponerande kontroll på standplass og truga inn 17 av dei 20 skota under vanskelege vindforhold. Fantastisk. Innsatsen heldt til ein flott 5. plass. Han er no beste nordmann i jaktstartcupen på ein 3. plass og tredjebeste nordmann samanlagt på 5. plass nokre få poeng bak Ole Einar og Stian. Både i sprintcupen og fellesstartcupen ligg han på 5. plass og på 17. plass på normalen. Dette ser lovande ut, og me gled oss til resten av sesongen!

Carl-Johan hadde ikkje dagen - det vart for mykje bom i vindkulene på ståande. Liv Kjersti gjekk seg opp fire plassar, men med 36. plass nådde ho ikkje opp i verdscuppoeng i dag. Liv Grete låg lenge svært bra an, og me såg tendensar til gamle takter i sporet, men det vart for tøft i vinden på siste stå, og ho datt ned til 10. plass etter til saman seks strafferundar. Me håper kroppen fungerer betre etter kvart i sesongen. Men me er langt frå misnøgde med innsatsen så langt: Samanlagt ligg ho på ein fin 6. plass, ho leiar fellesstartcupen, ligg på 6. i jaktstartcupen og 12. i sprintcupen. Me ønskjer alle våre lukke til vidare - også Ann-Elen med si trening heime, mellom amming, bleieskift og nattevak.

8.1.2005:

Våre kvinner nådde diverre ikkje opp mot sitt beste på sprinten i Oberhof, sjølv om ein 8. plass på Liv Grete etter ein strafferunde på kvar skyting, er bra. Også Liv Kjersti greidde seg med to rundar, men forkjølinga i romjula sit nok i kroppen - farten manglar.

Elles konstaterer me at fire VM-gull, 7 førsteplassar, 5 andreplassar og 3 tredjeplassar i verdscupen og ein overbevisande WC-samanlagtsiger i sin første sesong som småbarnsmor - med amming og nattevak - ikkje var nok til å gje Liv Grete nokon pris under idrettsgallaen for 2004. Forstå det den som kan !!!

7.1.2005:

Det blei den store farsdagen i Oberhof i dag: Alle dei tre på pallen er nybakte fedre - dvs at dei har barn under 1 år. Me gratulerer Egil med ein kjempeflott tredjeplass etter eit stort løp med feilfri skyting og god fart. Han kjende litt til beinproblema i dag òg, fortel Ann-Elen til FBFC, men Egil og skoprodusenten Adidas jobbar iherdig med å justera skorne hans, og me håper dei finn løysinga. 

Raphael tok ein ny 6. plass. Ein bom på liggande gjorde at pallplassen glapp i dag, men han er som alltid med i toppen.

Carl-Johan hadde trøbbel på ligg i dag, men me klagar ikkje over ein 19. plass. Det er duka for ein spennande jaktstart søndag for alle våre - og i morgon er det Liv Grete og Liv Kjersti sin tur! 

6.1.2005:

Carl-Johan og resten av det svenske laget overraska oss alle i dag med ein fantominnsats på stafetten i Oberhof. Gartulerer så mykje! Me jublar for Carl-Johan, som denne gongen ikkje gjekk startetappen slik han brukar, men fekk æra av å gå det svenske laget inn til siger. Han gjekk ein solid etappe og måtte berre bruka eitt ekstraskot (på ligg). Dermed har alle dei fem av våre som er med og konkurrerer så langt i sesongen, fått oppleva å stå øverst på sigerspallen. Fantastisk flott!!

Raphael og det franske laget enda på 6. plass. Han gjekk som vanleg sisteetappen, og han måtte bruka alle ekstraskota på ståande for å få ned alle blinkane. Egil og dei norske mennene hadde ikkje dagen: Lars Berger braut reglementet på 2. etappen, og laget vart diska. Dei fullførte stafetten og kom inn til 4. beste tid. Egil fekk igjen merka problema med beina som han sleit med før jul - trøbbel under fotsålane gjev han krampe og skjelvingar i beina, og då er det ikkje lett å skyta ståande. Denne gongen måtte Egil ut i to strafferundar, og det kan han vel knapt nok hugsa sist han måtte på ein stafett. Me ønskjer lukke til vidare, og håper han får den hjelpa han treng for å få orden på beina!

 

Liv Grete var den einaste av våre som var med på kvinnestafetten. Liv Kjersti stod over på grunn av litt forkjøling. Ho vart råda til å spara seg til dei individuelle løpa. God betring! Denne gongen fekk Liv prøva seg på 2. etappe, og ho gjorde som vanleg sine saker bra og veksla på andreplass, sjølv om ho måtte bruka eitt ekstraskot på ligg og to på stå. Det reserveprega norske laget gjekk inn til 4. plass - ikkje verst med eit så ferskt mannskap. Liv slit med skaden i høgrearmen, og me ønskjer også henne god betring!

31.12.2004:

"Da e' lenge sidan me har hatt ei så fin jul," seier Liv Grete til Fusa Biathlon Fanclub på tampen av 2004. Både ho og Raphael, Egil og Ann-Elen og Liv Kjersti kunne gle seg over snø og fine forhold på skytebanen og i løypene på Holdhus frå julaftan. Liv Grete seier at dei har hatt ei roleg heimejul der dei har fått slappa av og trent godt under gode forhold. Sjølv er ho plaga av småskadar i både armar og bein, men ho håper det vil retta seg til ho skal i gang i Oberhof, og gled seg til renna i VM-løypene frå i fjor. Ho kan dessutan melda at Raphael har spikka på børsa si heile jula for å få grepet til å sitja perfekt, så no skal det vera slutt med ladekluss!

 

Ny sesong 2004/2005

Denne sesongen starta litt spesielt for oss i Fusa Biathlon Fanclub. Bestemor til dei tre jentene våre, Kristi Skjelbreid, døydde i oktober. Ho var den eldste medlemen i fanklubben vår og eit fantastisk menneske som me hadde stor glede av å ha med oss både på turar og storskjermsamlingar. Me lyser fred over minnet hennar.

Berre ei veke etterpå kom ei ny Kristi til verda, då Ann-Elen og Egil fekk ei lita jente. Fanklubben gratulerer så mykje! Det betyr at me har fem av våre løparar med frå sesongstart. Ann-Elen er i gang att med trening, og har NM i mars som mål for sesongen. Egil ser ut til å få oppleva tilsvarande pappaeffekt som Raphael i fjor: Han er blitt lynrask i sporet og er framleis sikker på skytebanen, og då må det bli bra. Me gledde oss stort over den fantastiske stafettetappen hans under verdscup-opninga på Beitostølen. Etter ein sterk og svært jamn sesong i fjor, men utan individuelle pallplassar, sa han på sesongavslutninga i fanklubben, at denne sesongen vert det vinn eller forsvinn. Denne innstillinga har gitt resultat! Me jubla for den første verdscupsigeren hans på jaktstarten i Østersund. Gratulerer!

Liv Grete og Raphael hadde jo ein aldeles utruleg sesong i fjor, og etter det har dei vore meir i vinden enn nokonsinne både i media og hjå sponsorane. Slikt kostar tid og krefter og har nok blitt i meste laget for Liv Grete på toppen av hardt treningsarbeid og rolla som småbarnsmor. Sorga over farmora har òg vore tung å bera. Overskotet har mangla. Difor gledde det både alle oss i fanklubben og henne sjølv at ho fekk ein siger i Østersund før juleferien. Både Liv og Raphael har prøvd nye treningsmåtar for om mogeleg å nå eit endå høgare fysisk nivå før OL-sesongen, som er det langsiktige målet deira. Og dei satsar på å prikka inn formtoppen når han trengst som mest. Østersund-resultata vitnar om at dei er i rute. Raphael har som me alle har kunna følgja med på, full kontroll på det han driv med og har halde seg stabilt mellom dei fem på topp. Etter fire pallplassar var det stor jubel då han klatra heilt til topps att i Østersund.

Denne sesongen har Raphael i tillegg til SOMFY, fått VITAL som personleg sponsor. Liv Grete held fram med BKK som personleg hovudsponsor, medan VITAL er landslaget sin hovudsponsor. Begge har elles blitt ambassadørar for rekrutteringsarbeid i skiskyting i samarbeid med forbundet og Gilde. Sponsormidlar skal syta for høvelege gevær til lovande rekruttar, og så langt i sesongen har Liv og Raph delt ut to.

Liv Kjersti takka som kjent nei til plass på det norske elitelaget og har halde fram treninga saman med Carl Johan og resten av svenskane under Wolfgang Pichler si leiing. Ho har hatt ein fin sesongstart med 11. plassen på normalen i Holmenkollen som høgdepunkt i WC. Den desiderte toppen nådde ho under showrennet i Gelsenkirchen i Tyskland 28.12. der ho og Ole-Einar Bjørndalen saman danka ut alle. Gratulerer!!

Carl Johan har hatt ein flott sesongstart med fleire plasseringar mellom dei ti beste. Han har teke eit nytt steg framover når det gjeld farten i sporet, og har vist at han er god nok til å vera med heilt i toppen. Me ser fram til ein spennande sesong!

 

26.3.04

Liv Kjersti vann sprinten i NM, og fekk kongepokalen i dag! På onsdag vann ho bronsemedaljen på normalprogrammet. På onsdag fekk òg Egil bronsemedalje på normalen, han kom på sjette på sprinten i dag. Liv Grete starta sprinten idag endå ho ikkje hadde kome seg heilt etter sjukdom, ho kom på sjetteplass. Ein fin slutt på ein glimrande sesong!

11.3.04

Liv Grete har vunne world cupen samanlagt 2003/2004! Ho trengte berre 20.plass på sprinten i Holmenkollen idag, og det vart femte. Gratulerer! Og gratulerer òg til Liv Kjersti! Med feilfri skyting fekk ho si første individuelle topp 10-plassering, nærare bestemt sjuande plass, idag. Med fjerdeplass på herresprinten er Raphael ei hårsbreidd frå å kopiera Liv Grete si bedrift. Han har eit godt utgangspunkt før jaktstarten på laurdag, då han vil starta 23 sekund bak Lars Berger. Egil kom på 16.plass i dag og har òg ein god sjanse til å avansera på laurdag.

5.3.04

Stor fusisk jubeldag i Fort Kent! Først ute var Liv Grete - med fem bom kunne ho ikkje gjera noko med Uschi Disl, men det vart ny sølvmedalje, og ho auka igjen forspranget til Olga Pyleva i world cup-samandraget. Så var det herrane sin tur: Raphael var igjen uangripeleg, tok seg tid til tre bom men gjorde likevel aldri gullkampen spanande. Han vann klart, og kunne igjen ta seg god tid å vinka til publikum etter si feilfrie siste skyting. Og med fire fulle hus på andre plass: Carl-Johan Bergman! Svenskfusingen heldt hovudet kaldt på alle skytingar, og fekk dermed si første individuelle medalje i world cup - me jublar og gratulerer! Egil gjorde og eit godt løp, klarde seg med to bom, og sanka nye world cup-poeng då han gjekk seg opp frå 22. til 14.plass.

4.3.04

Raphael blir berre meir og meir suveren og i dag var han eit minutt og eit sekund før Michael Greis på andreplass på sprinten i Fort Kent. Han skaut feilfritt og gjekk fortare enn alle, og har dermed òg eit utmerka utgangspunkt før jaktstarten i morgon. Men me i Fusa biathlon har meir å jubla for: Carl-Johan gjekk sin beste sprint nokonsinne, med feilfri skyting kom han inn på ein svært sterk åttande plass. Me gratulerer!

3.3.04

Feilfri skyting, men to fall, heldt til sølv for Liv Grete på sprinten i Fort Kent i dag. Ho kjem til å starta 21 sekund bak Uschi Disl, som òg skaut feilfritt, på jaktstarten på fredag. Ellers er både Liv Kjersti og Ann-Elen tatt ut til world cup-avslutninga i Holmenkollen, dermed kjem me til å få heia på alle våre seks skiskyttarar der!

29.2.04

Raphael var igjen suveren på jaktstarten i Lake Placid i dag. Han tok leiinga frå første skytinga og gav ho aldri frå seg, sjølv om han måtte ut i to strafferundar. Egil gjekk òg ein god jaktstart og gjekk seg opp frå 17. til 11.plass. Carl-Johan kom inn på 37.plass.

28.2.04

Liv Grete var rask i sporet men klarde ikkje å halda seg unna strafferundane på jaktstarten i Lake Placid idag. Ho endte på sjuande plass etter seks bom. Dermed har Raphael ein god sjanse til å bli best i familien i Lake Placid når han skal kjempa med Lars Berger på jaktstarten i morgon. Me gler oss!

27.2.04

Liv Grete kom på fjerdeplass på sprinten i Lake Placid idag. Etter ein bom på kvar skyting kom ho 29,5 sekund bak Olga Pyleva som skaut feilfritt og vann. I ein uhyre spanande herresprint skaut Raphael fullt hus, men kom til slutt 6,7 sekund bak Lars Berger som hadde ein bom på kvar skyting men gjekk suverent raskast. Egil kom på 17. og Carl-Johan på 35. Dette vert to spanande jaktstartar!

22.2.04

EM i Minsk er ferdig. På 15 kilometeren vart det 21. plass på Liv Kjersti og 25. på Ann-Elen etter fire bom på Liv Kjersti og fem på Ann-Elen. På siste dagen i EM var både Liv Kjersti og Ann-Elen med på det norske stafettlaget som kom på sjette plass. Ann-Elen måtte dessverre ut i tre strafferundar på første skytinga på sin andre etappe. Liv Kjersti gjekk tredje etappen og klarde seg utan strafferundar med fire ekstraskot.

19.2.04

Liv Kjersti gjorde ein sterk jaktstart i EM i Minsk i dag og gjekk seg opp frå 22. til 10.plass. Ho hadde berre ein bom, på siste skyting. Ann-Elen er diverre plaga av sjukdom, og endte i dag på 27. plass med sju bom. Neste løp er normalprogrammet på laurdag.

18.2.04

Eit nytt meisterskap er i gang - EM i Minsk. På sprinten i dag vart Liv Kjersti beste norske på 22.plass. Ho startar eit minutt og 58 sekund bak teten på jaktstarten i morgon. Ann-Elen kom på 25.plass, ni sekund bak Liv Kjersti. Begge hadde tre bom på sprinten.

15.2.04

Raphael tok suverent gull på fellesstarten på sundag. Med to bom bak seg kom han inn til siste skyting, knalla ned fem blink og kunne vinka til publikum før andremann hadde kome inn på standplass. Fusa fekk dermed 7 gull, 2 sølv og 1 bronse, og vart klart beste nasjon i VM! Raphael og Liv Grete vart konge og dronning av Oberhof. Aldri før har ni medaljar gått til ein familie i eit meisterskap!

14.2.04:

Liv Grete tok sin fjerde gullmedalje i VM i fellesstarten idag. Ho var heilt suveren og leda frå før første skyting og heilt i mål. Ho klarde seg med to strafferundar undervegs. Liv Grete er dronning av Oberhof!

13.2.04:

Fusa fekk sølv, bronse og sjetteplass på herrestafetten idag. Carl-Johan gjekk første etappe for Sverige og veksla på ein fin femteplass, litt over eit halvt minutt bak Noreg. Sverige endte til slutt på sjetteplass. Egil la grunnlaget for Noreg sin sølvmedalje med sin tredje etappe. Han starta på femteplass, gjekk seg opp til fjerdeplass og veksla to sekund bak sølvplassen. Raphael ordna bronse for Frankrike med ein sterk ankeretappe. Han starta etappen på femteplass men passerte Kviterussland og Russland med ei kanonavslutning i løypa på siste sløyfa.

12.2.04:

Raphael vann gull i normalprogrammet for menn i VM i dag. Han hadde berre ein bom, på siste skyting, og kom 55 sekund før andre plass. "Eg e så glad! Eg e best i familien, no har eg fleire gull enn Liv!" sa han til NRK. Carl-Johan gjorde eit av sine beste løp nokonsinne og kom inn på 9.plass med ein bom. Egil var uheldig og ramla på første runden. Dette øydela konsentrasjonen, og det var litt for mange bom. Han kom på 35. plass med fem tilleggsminutt og 11. beste langrennstid.

Seinare på dagen gjekk Liv Grete i mål som ankerkvinne på stafetten og vann sitt tredje VM-gull. Noreg leia frå andre etappen av, og Liv Grete var ferdig med siste skytinga si før neste lag kom inn på standplass.