Takk for oss!

 

Det er ei tid for alt. No blir det ikkje meir skiskyting på oss på topplan. Me er blitt gamle og grå, og det er tid for å gje plass til ungdommen.

 

Me har vore privilegerte som har fått lov å til å driva hobbyen vår på heiltid. Etter 15-20 år i gamet er det mykje me kan sjå tilbake på med glede. Det har vore oppturar, men òg nokre nedturar. Me har komme tett innpå folk, og lært ein god del om venner og om liksomvenner.

Utan den støtta me har fått, ville det vore umogeleg å driva på så lenge.

 

Det gjekk same vegen med oss som med mange andre skiskyttarar: Me fann oss kvar sin skiskyttar og gifta oss.

Det har derfor i periodar kanskje blitt litt i overkant mykje idrett, men det har vore uvurderleg å kunna ha med seg Raphael og Egil på jobb. I dei travlaste periodane ville det vorte vanskeleg om alle hadde vore på kvar sin kant av kloden. Ei stor takk til desse to staute karane, som har brukt mykje tid på nedtrente, sure og frustrerte fruer.

 

Utan dei heime, ville det nok ikkje gått så greitt som det har. Pappen har hatt mykje strev med ski og utstyr, og mange lange netter har han brukt på å gni skia gode. Og gode ski det har me hatt. No blir det nok litt meir tid til å vera heime. Men det er nok ikkje heilt slutt, for det er nok tvilsamt om svigersønene vil la han gå så lett....

Utan lunchen og middagane til mammo ville me nok òg ha komme til kort. Ho har vore ernæringsekspert og lagt alt godt til rette for at det ikkje skal gå for lang tid frå trening til mat. Har vel skjemt oss litt bort.

Dei siste åra har det òg vore trygt og godt å kunna reisa frå ungar i forvissing om at dei har det utmerkt. Stor takk til dei for at dei har hatt tid til dette.

 

Stor takk også til fanklubben. Kan nok knapt finnast ein meir positiv gjeng. Her er det full rulle om det går aldri så dårleg. Ingen sure miner, og det er oppløftande i tunge tider. Etter ein gjeng med sure kommentarar i mix-sone, er det godt å sjå  folket heimifrå med hatten/lua på snei og med smilet over heile ansiktet.

 

Likevel vil me nok ikkje klara å halda oss heilt borte. Må nok tre inn i støtteapparatet til mannfolka våre. Det blir nok litt rart, men det skal bli godt med nye utfordringar, og å få sjå verda frå andre vinklar. Me gler oss vel eigentleg litt til det òg.

 

Vil derfor med dette få lov til å takka for oss!

 

Helsing Liv Grete og Ann-Elen