Avslutningsfest for Ann-Elen og Liv Grete

6. mai 2006

Fusa Biathlon Fanclub hadde dobbel avslutningsfest på Fusa vidaregåande skule laurdag 6. mai: Me kombinerte den tradisjonelle seongavslutninga med avslutningsfest for Ann-Elen og Liv Grete. Me ville nytta høvet til å takka dei for all glede, spenning og store stunder dei har gitt oss gjennom mange lange år i skiskyttarsirkuset.

Det vart vist bilete frå dei rikhaldige karrierane deira og lese opp helsingar frå fjern og nær, m.a. tidlegare leiar i Olympiatoppen Bjørge Stensbøl, limerickar frå Jon Herwig Carlsen, helsingar frå tante Jorunn, syskenbarn og tidlegare fysioterapeut/naprapat på landslaget Ingvild Eikeland, tidlegare konkurrentar, "sambuarar" og lagveninner, Liv, Ann-Elen og Egil. Alt dette var samla i kvar si minnebok - i 3 band kvar!! - som vart overrekt til Ann-Elen og Liv Grete.

Det var allsong, koldtbord og "takkekaker", og overrekking av gåver. Og me delte ut dei medaljene Ann-Elen og Liv manglar: OL-gull! Rundt 70 fanklubbmedlemer var møtt fram for å hylla gromjentene og -gutane våre. Liv Kjersti og Carl Johan måtte diverre melda avbod - Liv K. var på treningssamling i Frankrike med det norske elitelaget.

20 raude roser med gullsløyfer til gulljentene våre - som takk for 20 år med skiskyttargleder. Bronsebukett til Raph - for OL-bronsen på stafetten. Ein optimistisk bukett til Egil med grøn sløyfe - håpet er lysegrønt, og me håpar alle på ein strålande ny og frisk sesong!

OL-gullet vart delt ut av den einaste i salen som har OL-gull: Egil!

Me følgjer Ann-Elen og Liv Grete gjennom vel 20 spennande år - frå hovudlandsrennet på Kvamskogen i 1985 til OL i Torino 2006.

Ann-Elen og Liv Grete vert utstyrte for sitt nye liv som husmødre, mødre og heiagjeng!

Oppe til heia-eksamen: Dei bestod både "Song til Egil & Raphael" og limerick-oppgåvene! Styret var eksamensjury. Ann-Elen og Liv er no tekne opp som æresmedlemer på livstid i fanklubben! Takkehelsinga

Raphaël hadde utruleg utstyrs-uflaks i OL, og me gav han både skonr. 47 til bruk i knappe innspurtar (hadde ein på lur til CJ òg!), og patroner med skikkeleg futt i!

Egil fekk ein pose mandlar - i tilfelle han skulle få bruk for det igjen.... Og både han og Raphaël fekk Flax-lodd og firkløver - måtte hell og lukke følgja dei komande sesong!!

Raphaël takk for støtta i sesongen som gjekk - og særleg under OL. Han sa at fanklubben var god å ha når så mykje gjekk han imot - me var blide uansett korleis det gjekk, og det var oppmuntrande og godt å oppleva. - "me ska heia so lengje da lete!" "og uansett korleis da går so ska no me stå på!!"

Liv Grete overrekte Team Poiree-huer til vår alle si kjære "tante Brynhild" og den tyske medlemen vår Iris. Og styret i fanklubben vart overraska av Ann-Elen og Liv som hadde fantastiske Oleanna-jakker i gåvesekken. Hjarteleg takk - dåke e' heilt galne - og uendeleg gode!!