Reisebrev frå VM i Anterselva

 

Med fusiske augo er kanskje eit verdsmeisterskap i skiskyting utan Skjelbreid-systrene bleike greier. Ein æra er over, likevel vart det mykje å jubla for også i denne meisterskapen. Fusa Biathlon Fanclub var på plass med ei gruppe på 34 entusiastar. Med base på hotellet Drei Zinnen, like sør for Toblach hadde gjengen ein grei reiseavstand til stadion øvst oppe i Antholzertal og til turar i dei vakre Dolomittane.

 

Første helga var reine openberringa for vinterhungrige vestlendingar. Nysnø, påskesol og gnistrande kalde morgonar. Ole Einar var på krigsstien og var suveren både på sprint og jaktstart, heldigvis var Raphael godt med på begge løpa. Sidan Anterselva er som heimebane å rekna for ekteparet Bjørndalen så var dette populært. Ole innfridde skyhøge forventningar.

 

På normalprogrammet var det endeleg Raphael sin tur til å jubla. Han skaut som ein konge og gjekk eit av sine aller beste løp i heile karrieren. Det kom difor som litt av ein kalddusj når han etter løpet kunngjorde at han etter dette gullet ville leggja opp som aktiv. Det la likevel ingen dempar på jubelen og festen utover ettermiddagen og kvelden. Alle var glade for at denne sympatiske franskmannen vann gullet. Fusa-gjengen gjekk sjølvsagt heilt av hengslene. Tenk eit nytt gull til Fusa og Hålandsdalen! Det var få franske flagg å sjå, difor måtte fanklubben ta regien for hyllinga av den store vesle franskmannen. Vi har knapt sett Raphael så glad etter eit løp som denne dagen. Han strålte av lukke - og tårene trilla hjå fusa-gjengen.

 

Dagen etter fekk vi endeleg sjå Liv Kjersti Eikeland på startstreken. Ho var veldig patent med børsa med 19 treff, men tapte for mykje i sporet mot slutten av løpet. Med gull til Linda Grubben var det likevel ingen grunn til å deppa. Torsdagen var det mix-stafett for første gong i eit VM, og her var det vel ingen som hadde slik grunn til å jubla som fanklubben; med gull til Carl Johan Bergman og Sverige, sølv til Raphael Poiree og Frankrike og bronse til Noreg. Ein perfekt dag for ein uvanleg fanklubb. Foreldra til Carl Johan reiste saman med fanklubben, og det var utruleg kjekt å dela denne sigeren med Lennart og Birgitta Bergman. På kvelden var det premieutdeling i Bruneck, største byen i Pustertal, og her vart det verkeleg fest med stil og trøkk. Fusingane hadde øvd på den svenske nasjonalsongen i bussen og var klare til innsats. Svenskane var heilt i hundre, og vi vart nesten urolege for korleis det skulle gå i resten av VM. Kanskje vart utladninga for stor. Den store stjerna Anna Carin Olofsson vart sjuk, og det vart ikkje meir suksess for dei svenske fargane.

 

Mot slutten av meisterskapen tok tyskarane over styringa. Etter dei overraskande gullmedaljane til unge Magdalena Neuner i starten av VM, vart dei var spake utover i veka, men dei kom sterkt tilbake og var i stort fleirtal på tribunane. Sidan denne delen av Italia er tyskspråkleg, vart ein nesten litt forvirra. Lite her minna om Italia, og her var ingen tendens til lokalsjåvinisme. Faktisk kunne dei italienske utøvarane ha fått litt meir merksemd i sitt eige meisterskap, men det blir gjerne slik når ein hentar inn speaker frå utlandet, og det verka også som at ein gjerne vil tekka det store tyske publikumet.

 

Eit VM er mykje meir enn berre konkurransane: Det er folkeliv, salsboder, masse musikk, god mat og god drikke. Ikkje minst er det ein scene for ekshibisjonistar. Her kjem vaksne folk i dei merkelegaste kreasjonar, og kvar dag vert det kåra ”dagens fan”.

 

Fusa-gjengen fekk også mange fine opplevingar med seg frå aketur, skiturar og rundturar i Dolomittane med den gamle OL-byen Cortina som eit sjølvsagt reisemål. Vi budde i eit vinterpostkort. Höhlensteintal og dei mektige fjelltoppane Die Drei Zinnen er nasjonalpark og er på veg inn på Unesco si verdsarvliste som naturminnesmerke.

 

Søndag morgon måtte vi reisa nordover, og dermed fekk vi ikkje med oss den siste fellesstarten ”live”. Heldigvis vart innspurten direktesendt på tysk radio og heile bussen jubla og song sin hyllest til Raphael. Han vart ståande med både gull, sølv og bronse og var ein av dei store profilane i denne meisterskapen, som vart ein stor opptur også for Fusa og Fusa Biathlon Fanclub.

 

Erik Vangsnes

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Mor og svigermor gratulerer!

 

 

 

 

 

Lennart og Birgitta Bergman                                          Foreldra til Delphine Peretto