Ann-Elen sine OL-minne!!

 

Ann-Elen har delteke i 3 olympiske leikar: Lillehammer 94, Nagano 98 og Salt Lake City 2002. Første OL der kvinner fekk delta i skiskyting, var i Albertville i 1992. Ho har altså vore med på nesten alle OL for skiskyttarkvinner så langt! Det beste individuelle OL-resultatet fekk ho i sitt første OL: ein flott 17. plass på sprinten. Der vart det 4. plass på stafetten, neste gong bronse og i Salt Lake sølv. Me seier ikkje meir - men hadde ho fått gått i Torino-OL.....

 

Her fortel ho litt om sine mest spennande, mest nervøse, mest spesielle, rare, overraskande og gode minne frå OL.

 

 

"For meg blei det eit voldsomt møte med OL. Lillehammer-OL var det første store mesterskapet eg var med på. Det er ikkje alle som får oppleva eit OL på heimebane, så eg var jo eigentleg veldig heldig. Syntes ikkje det akkurat før eg skulle i aksjon. Sprinten var min første distanse. Eg var så uvel og nervøs at eg trudde det var betre å stå over. Hadde nokon komme til meg og sagt at det var betre å reisa heim, hadde eg nok heilt klart gjort det. Men eg fekk no gjennomført, og det blei eit av dei aller beste løpa mine til då.

 

OL i Nagano var òg spesielt. Der var eg nok meir forberedt på det sportslege, men der var det meir kultuelle utfordringar.  Det vart ein del komiske situasjonar når alt var laga i str. Japan. Gutane hadde badekåpene til låret og fekk berre ei tå i tøflane. Nokon måtte òg velja om dei ville ha hovudet eller beina oppi senga. Maten er jo òg veldig forskjellig frå vår, men det var veldig spennande å oppleva. Måtte selvfølgeleg spe på med litt havregraut. Fann òg ut at det kan snøa veldig i Japan. Aldri sett på maken!

 

I Salt Lake City-OL var det nok stadion og løypene eg likte best. Det var krevande, spesielt fordi det var opp mot maks. lovleg høgde - 1800 m.o.h. Hadde strålande vêr nesten heile tida. Før OL hadde me ein leir i West Yellowstone. Det ligg i utkanten av eit fantastisk naturreservat. Me hadde ein dag med snøscooter-safari. Der såg me både moskus og Elk (stor hjort). I tillegg fekk me oppleva ein geisha i aksjon. Det var eit godt avbrekk frå trening og fokusering mot OL. Etter at me var ferdige med konkurransane, fekk me òg vera med å treffa bjørn og ulv, og han som ”temde” dei. Spesielt å ta bilde med ryggen mot ein bjørn, som berre er eit par meter bak...

Fekk og erfara at everything`s big over there. Bilar, vegar, avtandar og ein heil del "kingsize people".

Den aller mest spennande opplevinga mi hadde eg òg i Salt Lake City-OL: Eg var ute i løypa og heia då Egil var med å ta gull på stafetten. Har nok aldri vore så nervøs, bortsett frå på Lillehammer då….

Eg var òg så heldig å få eta lunsj med Kong Harald. Trur ikkje det er noko land som har ein slik konge som oss. Trur faktisk han lo meir enn meg…… Veldig triveleg lunsj.

 

Alt i alt er det nok Lillehammer som står for meg som mest OL. Der var stort sett alle utøvarane samla i leiren, uansett grein eller nasjon. Der blei alle like, Prins Albert av Monaco måtte stå i samme matkøen som alle oss andre."