OL-ekspertar!!

Ann-Elen og Egil vurderer løp, utøvarar og sjansar for skiskyttarane i San Sicario under Torino-OL. Dei har begge testa løypene i San Sicario, og har dette å seia om dei: - Det er tøffe løyper. Mykje svingar både oppover og nedover. Det er viktig å bruka dei til å halda farten oppe, meiner Egil. - Dei er teknisk krevande, seier Ann-Elen. - Det er viktig å gå lett i dei forskjellige teknikkane, for å gå fort utan å bli stiv. Ein kan tapa mykje nedover viss ein ikkje er tøff nok.

Me får stadig høyra at OL i høgda - San Sicario ligg på ca. 1600 m.o.h. - er noko spesielt. Kva er det eigentleg som er så spesielt med å konkurrera i høgda?

- Det er tynnare luft, det vil seia at ein får mindre oksygen til musklane. Ein går seg fortare stiv enn vanleg, viss ein ikkje har vore nok i høgda på førehand, forklarer Egil. Ann-Elen legg til at det er vanskelegare å bli kvitt melkesyra i den tynne lufta, og dermed er det er lettare å gå seg stiv. Går ein for tøft i starten, får ein svi veldig mot slutten, meir enn i låglandet.

 

OL er over

Så var det over i San Sicario for denne gong. Det har vore mange spennande
konkurransar, der nordmenn har vore med og sett preg på dei fleste.

Det starta svært bra med to medaljar første dag. Dette gjorde sitt til at
forventningane ikkje blei mindre. Men det skulle vise seg at denne gongen
hang gullmedaljane for høgt for dei norske. Herrelaget fekk likevel med
seg 6 medaljar, noko som er svært bra. Einaste distansen dei skuffa litt
på var stafetten. Her hadde dei på førehand sagt at dei skulle ta gull og
dei enda opp med ein femte plass som er langt unna det gutane er gode for.
Men fusagjengen fekk likevel valuta for pengane, for bronsekampen sto
mellom to av klubbens eigne. Carl Johan og Raphael avgjorde kampen på
oppløpet, og det var berre ei tålengd som skilde dei.
På fellesstarten vart Ole Einar igjen beste norske med sølv.
Det var tyskarane som forsynte seg grovt av gullfatet i dette OL, og tok 4
av 5 gull. Det siste gjekk til Frankrike.
Resultata for jentene var ikkje så bra, men Liv Grete viste igjen at ho er
til å rekna med i toppen. Ho var med i gullkampen til siste skyting på 15
km, og gjekk seg opp til ein 6 plass på jaktstarten. Også på stafetten
gjekk ho jentene opp igjen i medaljekampen, men laget vart for svakt og
det blei til slutt ein 5 plass.
På avslutningsdagen kom og dei norske jentene til kort, der Linda blei
beste norske på 14 plass.

Men for oss som har sett OL på TV, kan me ikkje seia anna enn at me har
hatt spennande og trivelege dagar. Så lenge det er nordmenn som er med å
kjempa i teten er det håp, denne gongen gjekk det dessverre mykje stang ut
for Norge, men det er  heilt sikkert at nordmenn vil ikkje bli lette å slå
i framtida heller.

Ann-Elen og Egil

Fellesstarttips

Så var det klart for de i to siste distansane i skiskyting dette OL.
Fellesstarten blir for første gong arrangert i OL, og det er vel denne
distansen som er den vanskelegaste å spå utfallet i. Det blir slik som
mange gangar før, den som held best i skaftet vil komma langt opp.
Alikevel er det relativt sett lite straff for ein bom, å gå ein
strafferunde, for dette er den nest lengste distansen. Farten i sporet vil
derfor bety meir her enn på f.eks. jaktstarten.
På herresida er Ole Einar ein klar favoritt. Oppvisninga på stafetten
viser at får han det til å klaffe er han nesten uråd å slå. Det er ein
distanse for rutinerte løparar, og Ole Einar saman med Raphael og Fischer
er som regel sterke navn. Greis og Tchuodov har og kapasitet til å vere
med, saman med Defrasne.

På damesida er det mykje tettare, uten den heilt store favoritten.
Wilhelm, er sterk og kan sleppa skuldrene ned etter eit gull på
jaktstarten. Bailly har ikkje fått full klaff i San Sicario, og er nok ute
etter ei medalje. Olofsson er ein god løpar som er sterk i sporet, og fekk
sølvet i VM i fjor. Dette er siste sjanse for Diesel til å få med seg eit
individuelt gull frå OL, så det gjer nok henne ekstra tent. Samtidig viste
russarane enorm skyteform på stafetten, og der kan alle vera med å blanda
seg inn. Glagow har markert seg i dette OL og på fellesstarten før i år.
Me skal heller ikkje gløyma Liv Grete som har hatt god form-stigning under
OL, og viste med beste etappetid på stafetten at medalje er innan
rekkevidde.
Det blir nok to konkurransar der svært mange av dei som står på
startstreken kan ta medalje.
Me held tomlane for dei norske.

Ann-Elen og Egil

Damestafetten 23. februar

 

Så blei det nok ein femte plass. Ein kan begynna å lura om det er noko som
ligg over Norge, for både i langrenn og i skiskyting er det blitt femte
plass på stafettane.
Det blei ein tung start for jentene i dag med ein runde på første skyting.
Dei kom langt bak og det meste såg ut til å vera kjørt. Men etter eit godt
løp, med beste etappetid i dag, jobba Liv Grete laget opp igjen til
pallplassen. Alt såg lyst ut  og med litt klaff på dei siste to etappane
ville det gå vegen.
Men håpet forsvann då Gunn Margit ikkje klarte å halda følgje i sporet. Ho
er ikkje i form, og forspranget til dei andre nasjonane skrumpa og blei
borte.
Det vart ei vanskeleg oppgåve for Linda på siste etappen, sjølv om ho var
oppe og snusa litt på tredje plassen på ligg skytinga. Men det blei for
mykje ekstraskot og til slutt ein femte plass.
Avstanden fram til gull var stor, og russarane viste i dag kor viktig det
er vera gode på standplass. Med kun to ekstraskot er det nok ein av dei
beste stafettane som er gått i OL-samanheng.
Tyskarane derimot klarte ikkje heilt å fylgja opp favoritt-stempelet, og
miste kontakt med russarane ganske tidleg. Kampen om bronsen stod til
slutt mellom Frankrike og Kviterussland, der Bailly igjen viste at ho er
av dei aller kvassaste i sporet, og tok igjen kviterussarane på
spurtrunden.
For å ta medalje i OL-stafett er det viktig å ha fire jenter i form. Det
har ikkje Norge klart i år.
Me ser fram til fellesstarten og håpar og trur på medalje der.


Ann-Elen og Egil

Damestafettips

 

No er det klart for den andre stafetten i San Sicaio. Det vart ein tett
stafett blandt herrane, og det kan det svært gjerne bli for damene og.
Tyskland stiller som store favorittar. Russarane er vel dei som papiret
ser ut som den sterkaste utfordraren, og kan gje tyskarane kamp. Desse
laga har peika seg litt ut, men som me såg på herrestafetten er det ikkje
alltid at favorittane slår til.
Kampen om bronsemedaljen er meir åpen, der Norge absolutt er å rekna med.
Det er i første rekke Frankrike og Kviterussland som vil vera med og slåss
om denne plassen.
Dei norske jentene har alikevel vist at dei er flinke til å heva seg når
dei kjem til stafetten. Får dei full klaff, og  tyskarane og russarane
rotar litt, vil dei kunna vera med heilt oppe.
Norge startar med Tora Berger der dei håpar på at ho skal få litt hjelp,
og henga med inn. Liv Grete går andreetappen, der skal ho få brukt
kapasiteten sin og gå så individuelt som ho kan, og sleppa å dra andre med
seg andre rundt. Gunn Margit Andreassen er ein solid skyttar og det er
avgjerande at dei er bra med på denne etappen. Linda Tjørhom har gått
mange gode sisteetappar og er vanlegvis eit godt kort på siste stå.
Me håpar på ein strålande dag, med norske jenter som pregar løpet.

Ann-Elen og Egil

 

Herrestafetten 21. februar

 

Dette var dagen då det ikkje ville gå Noregs veg. Det starta med kluss
allereie på første skyting, der Halvard bomma med eit ladegrep, og miste
dermed all kontakt med teten. Det kunne sjå ut som om toget var gått, og
det hadde nok òg i forhold til gullet. Men sjansen til medalje var enno
der.
Men det gjekk liksom litt trått på dei to neste etappane òg, slik at
utgangspuktet for Ole Einar var håplaust, for sjølv med den beste etappen
som er prestert gjennom tidene vart det berre 5. plass til slutt. Ikkje
slik gutane hadde sett det føre seg.
Stafetten såg ut til å vera avgjordt etter to etappar. Tyskarane hadde
oppvisning i stafett-etappar på dei to første. Men etter rot av Fischer på
tredje etappe, var det plutseleg liv igjen. Russarane nærma seg men det
strakk ikkje heilt til.
Det værste for Biathlonklubben var kanskje kampen om tredje plassen,
mellom Sverige og Frankrike. To av klubben sine eigne kjempa, og ein av
dei måtte få den kjedelege fjerde plassen. Raphael gjekk tøft ut på siste
runden og tok igjen ein like sliten Carl Johan like før stadion. I spurten
trakk Raphael det lengste strået, men hadde ikkje CJ bomma på eit tak er
det ikkje heilt sikkert det hadde vorte slik. Marginane er små, og men
virkar store når det er tredje og fjrede plass det står om.
Stafett er alltid dramatisk, så også i dag.

Ann-Elen og Egil


 

Stafettips

 

No er det klart for stafetten for menn.
Dette er vel den store dagen i OL, for det er dette gullet laget har satsa
mot i heile år.
Det norske laget, med Hanevold, Eckhoff, Andresen og Bjørndalen er
favorittar. Tre av dei har allereie vore på pallen under OL, og Stian
viser stabil form.
Men dei norske vil nok få kamp. I første rekke av Tyskland og Russland.
Tyskarane er alltid farlege på stafett, og har vist form i OL med to gull
individuelt.
Russarane er eit knallsterkt lag på skytebanen, og  når det berre er 7,5
km å gå, vil det meste bli avgjordt her.
Me skal heller ikkje rekna bort Frankrike. Dei har Raphael og Defrasne som
vil hengja med dei aller beste, i tillegg har dei to av verdas beste
skyttarar, som trivst veldig bra i høgda.
Det kjem til å bli ein tett og spennande konkurranse, der kviterussarane
òg har eit lag som på ein god dag kan blanda seg inn i toppen og ta
medalje.
Me kryssar fingrane for kvartett vår, og håpar dei klaffar på skytebanen.

Ann-Elen og Egil

 

Jaktstart 18. februar

 

Det begynte med eit tungt snøvèr i dag, og jaktstarten til damene vart ein
kraftprøve.
Wilhelm tok tidleg føringa og var kald på skytingane i dag. Med berre ein
bom var det aldri noko tvil om kvar gullet skulle gå. Bak henne blei det
mykje meir spennande.
Liv Grete kom seg inn i løpet etter god skyting. To bom totalt var godt
skote, men verken skia eller kroppen virka heilt opptimalt i dag. Sølvet
var innan rekkevidde, men det blei til slutt ein sjetteplass.
Det vart dobbelt tysk etter eit svært godt løp av Glagow. Akhatova tok sin
andre bronse, og med ein fjerde plass på sprinten er ho den mest stabile
løparen i OL.

Då mennene skulle ut på sin jaktstart var det eit heilt anna vèr. Sola
titta fram og glien kom igjen.
Det var ikkje så tett blandt dei ti første her, men slik som mange gongar
før er det ikkje alltid så lett å gå ut i tet. Dei skaut på seg bom i tur
og orden. Fischer først,så Frode og til slutt Halvard. Dette åpna for dei
andre, og Ole Einar viste alt frå start at han meinte alvor.
Raphael starta litt trått, men etter andre skyting hadde han igjen brukbar
kontakt med teten. Men alt har ikkje gått hans veg i år, og heller ikkje i
dag. Han røska bindingen av skia i ein sving, og den forsvant. Då startnr.
50 passerte han, hadde han enno ikkje funne ny ski, og fleire minutt var
gått.
Alikevel klarte franskmenna å stikka av med gullet. Svært spennande å sjå
på. Det blei sølv på Ole Einar etter eit kjempe løp, men kreften haldt
ikkje heilt inn.
Defrasne spurta best av dei to, og kunne strekkja hendene i veret.

No blir det to kvile dagar på skiskyttararenaen i San Sicario, og me
ventar spent på stafettane.

Ann-Elen og Egil

Jaktstarttips

 

I morgo er det jaktstart på programmet. Dette er vanlegvis ein distanse
som er spennande til siste slutt. Det meste blir avgjordt på skytinga, og
dette er vel i lag med normalen, distansen for skyttarane. Det er kort
mellom skytingane ( 2 km og 2,5 km ), og strafferunden blir lang i forhold
til på sprinten. Veret har og forandra seg seg, og det blir stilt andre
krav til ski og smurning. Forskjellen på korleis utøvarane les og taklar
vinden er stor, og rutine er godt å ha med seg her.

Dame-sprinten var tett og mange av favorittane ligg godt til. Wilhelm har
ikkje lykkast så langt, og er nok klar for ei medaje. Ho har vist før i år
at ho er god på denne distansen, og sjølv om ho er på 7. plass er det
berre 18 sek. opp. Ho er ein klar gull-kandidat. Men det blir ikkje lett,
for rett før henne går Akhatova, Zubrilova og Bailly. Alle er gode
jaktstart løparar son skyt svær godt. Bavarel-Robert brukar som regel å
klatre på lista på denne distansen. Ho skyt godt og har VM-medalje frå
jaktstart før. Gjer ho det ho er god for, kan det godt bli ei medalje til.
Olofsson har òg komme i gang no, og vil med sin styrke i sporet, og
vanlegvis gode skyting, vera med å kjempa om metallet.
Litt lengre bak i frå kjem Liv Grete. Det er på denne distansen ho har
vunne verdscuprenn før i år. Ho er no 48 sek. bak, men var over 1/2
minuttet bak i Ruhpolding òg. Får ho til to gode ligg skytingar vil ho
komma godt inn i løpet, og alt kan skje. Zaitseva og Ishmouratova har
kapasitet til å komma seg på pallen og er berre 34 og 38 sek. bak.

På herre-sprinten var det jevnt mellom dei tre første. Norge har med to
mann, og dei er begge i stand til å forbli der dei er. Halvard er den som
vanlegvis skyt best av våre, men Frode har heva seg mykje på skytebanene
dette året, og har vore på pallen i år. Alikevel er det sterk motstand dei
møter i Fischer. God skyttar som likar seg i jakstart.
Vel eit minutt bak startar Tcheresov og Gross som godt kan klatra seg
oppover mot pallen. Og like bak der kjem Raphael, og alle veit kva han er
i stand til. Han likar svært godt mann mot mann konkurransar, og har henta
mange medaljar akkurat her.
Ole Einar er heller ikkje lengre bak enn at han med eit av sine beste løp
kan komma seg heilt til topps.
Defranse er i god form, og det ser ut som om den franske smørjebua har
kontroll på det dei driv med, så på ein god dag er også denne franskmannen
god for pallen.

Ann-Elen og Egil

Sprint 16. februar

Så var den andre konkurransen for damene unnagjordt, og det blei ein 12 plass til Liv Grete som beste norske. Ei god plassering, men det var vel helst på pallen ho ville vore. Alikevel var det nok eit bra løp i sporet, og marginane var ikkje på henna side. Gullvinnaren var ei lita overrasking, men Bavarel-Robert har vist sterke takter i haust, og det er ein skyttar i verdsklasse. I dag var dei nok dykige i smørjebua hennar òg. Olofsson viste at formen er bra, og fekk med seg ei sølv. Efremova på bronseplass viser at det er utruleg mange som har kapasitet til å gjere det bra i denne sporten. Særleg når tyskarne sette døra på gløtt for dei andre, med å velja tidlege starpuljer. Så lenge det var meldt snø, var dette eit dårleg taktisk valg. Sprinten i dag var veldig tett, og differansane nedover på resultatlista er små. Me gler oss veldig til jaktstarten, som nesten er ein fellesstart, og er svært åpen. Ann-Elen og Egil

Sprinttips 16. februar

 

I morgo er det klart for sprinten for damene. Det blir nok ein like tett
og spennande konkurranse som dei me ha sett til no.
Forhalda forandrar seg litt, etter kvart som OL skrir fram . Som me såg på
sprinten til gutane, hadde skiføret forandra seg frå dei første løpa.
Ryktet seier at eit vèrskifte er meldt inn over fjella i Italia. Til
mildare det blir til vanskelegare kan det bli å velgje dei rette skia og
den rette smurningen, men for Norge brukar det som regel å vera ein fordel
at det drar seg mot plussgrader. Snø og vind gjer sitt til at utfordringa
i løypa og på standplass blir større.

Det er mange som vil vera med å kjempa i morgon, men som vanleg er det
tyske laget veldig sterkt. Både Diesel og Wilhelm viste styrke i sporet,
og Wilhelm er vel den største favoritten med tanke på det som har skjedd
før i år. Ein skal heller ikkje gløyma Glagow som er ein sterk høgdeløpar.
Vinnaren frå 15 km Ishmuratova er i stand til å kopiera bragden, men
Bailly, Olofsson og Akhatova er nok revansjesugne.
Liv Grete har nok òg planar om å gjera det vanskeleg for dei andre, og
viste på 15 km at ho er i stand til å hengja med dei aller beste.
Håpar det går litt lettare i sporet for dei andre norske slik at dei kan
vera med å kjempa om dei beste plassane.

Når det er OL kjem det alltid overraskingar. Og ein skal sjå opp for
kinesarane, og bulgararane.

Ann-Elen og Egil

                                         

Sprint menn - 14. februar

 

Det vart nok ein fin dag for Norge i sola i San Sicario. Og dei norske var
i aller høgaste grad med på å prega løpet.
Gode løp av både Halvard og Frode resulterte i kvar sin medalje. Raphael
nærmar seg òg toppen, og avanserte 10 plassar på lista. Med samme
progresjon vil det bli svært spennande på jakstarten for han.
Med russarane gjekk det litt svakare i dag, kanskje takla dei ikkje det litt
varmare føret.
Likevel var det ein fortent siger til tyskaren Sven Fischer, som tok sitt
aller første OL-gull etter 12 år i verdstoppen. Dermed blei heile pallen
norsktalande.
Det er tett i toppen og jaktstarten blir nok ein thriller.

Ann-Elen og Egil

Sprinttips

 

Så var dei to første distansane unnagjordt, og begge renna var spennande
til siste slutt. Dei norske gutane gjorde det bra med to medaljar, og dei
viste styrke i sporet alle fire.
Det var ikkje full klaff for biathlon-klubben sine, men uansett var det
ikkje værre enn at det store mogelegheiter både for Raphael og Carl Johan
vidare.
I dag ville deg seg ikkje heilt for jentene. Synd med siste skytinga til
Liv Grete, men ho var med og laga spenning i løpet, og viste at ho har
kapasitet til å kjempa om det edlaste metallet. Det kjem heldigvis fleire
løp me kan gle oss til.

I morgon er det "på an igjen" for gutane. Sprinten stiller litt andre krav
til utøvarane. Dette er distansen for dei raske skiskyttarne. Vanlegvis
ein distanse der nordmenn hentar medaljar. Løypene er krevande både
oppvover og nedover. Det er vikig å gå jevnt og teknisk bra, og å unngå
rykk i bakkar.  Går ein på seg mjølkesyre er det nesten uråd å bli kvitt
den
Løypene er veldig harde i San Sicario, og det er viktig å finna rett
marsjfart.
Ole Einar har vunne dei to siste OL-sprintane, og slik løypene og høgda
er, stiller han nok ein gong som favoritt.
Frode er med sine resultat etter jul kanskje den som er den sterkaste
utfordraren, gamle Halvard er heller ikkje så lett å stoppa når han har
komme i siget. Russarane Tchoudov og Tchepikov  viste gode takter, og vil
nok saman med Kruglov vera faren frå aust. Greis vil sikkert ha eit ord
med i laget, saman med Fischer.
Raphael er nok sugen på revansj, og han i det rette humøret er farleg.
Bricis og Defeanse ser og ut til å ha prikka inn formen.

Håpar det blir ein like spennande sprint som dei foregåande renna.

Ann-Elen og Egil

 

20 km - 11. februar

 

Hei!

Ja så var det endeleg OL.
Håpar alle fusingane har komme seg vel fram, og lada godt opp, slik at dei
kan hjelpa å heia "fusingane" og dei andre norske fram.

Me får prøva å bidra så godt me kan på vårt vis, sidan det ikkje blei OL
på oss i år.

20 km er tradisjonelt distansen for skyttarane. Det er ofte på denne
distansen at overraskingane kjem. I tillegg til at det er ein hard inngang
til standplass, vil høgda gjera sitt til at utfordringa dei møter på
ståande er veldig tøff. Dei vil ha høg puls inn på standplass,og den vil
pga høgda ikkje roa seg ned så fort. Lite oksygen i lufta gjer og sitt til
at ein ikkje kan halda pusten så lenge som vanleg, og kanskje er det
nødvendig med ein annan pusterytme enn i lavlandet.
OL-nervene er heller ikkje alltid er like lette å kontrollera....

Alikevel vil det nok bli mykje god skyting, og skal ein vinna er det ikkje
mange tilleggsminuttar ein kan ha, om nokon i det heile.

Som sagt er det mange kandidatar til medaljane på denne distansen.
Selvfølgelig er alle dei norske sterke navn, men dei får hard kokurranse
av russarar, tyskarar, franskmen og svenskar.

Ole Einar vil vera ein sjølvskreven favoritt på alle distansane han går.
Itillegg er dette ein distanse som passar bra for Raphael og Ricco Gross.
Utfordrarane står i kø, men dei heitaste blir nok Greis (vant prøve-OL),
Rostovtsev, Tchuodov, Tchepikov, Sikora, Hanevold, Fischer og kanskje
Bricis. Alle desse er kapable til å klatra opp på pallen på ein god dag.

Det blir heilt sikkert ein spennande konkurranse, der ingenting er
avgjordt før siste skyting.

Helsing
Ann-Elen og Egil

 

15 km

No er det altså damene sin tur.

Slik som på herrerennet vil nok resultatlista her og bli prega av
overraskelsar. Det er stor forskjell på korleis dei forskjellige taklar
høgda, og det gjer store utslag på dei lengste distansane. Ikkje berre vil
løpstidene variera, men for dei som slit vil det blir ekstra tungt å skyta
utover i løpet.
Vinden i San Sicario kan vera lumsk. Den kjem frå begge sider. Og sjølv om
den ikkje er så sterk, vil ein lett havna utanfor blinken på ligg viss det
varierar 3 knepp begge vegar. Her gjeld det å vera vaken, for dersom ein
følgjer med, er dette vind som utøvarane klarar å lesa.

Som så mange ganger før er det dei tyske jentane som må stilla som
favorittar.
Andrea Henkel er tittelforsvarar på distansen, og kom inn på det tyske
VM-laget i fjor som reserve, men stakk av med gullet. Ho kan godt klara
det ein gong til. I tillegg er Martina Glagow ein av dei stødigaste
skyttarane og vil heilt sikkert blanda seg inn i toppen.  Men på denne
distansen kjem ofte russarane til sin rett. Akhatova, Ishmouraova og
Pyleva er alle gode skyttarar ein skal sjå opp for. Olofsson, Bailly og
Wilhelm er og sterke navn, i tillegg til dei vil Liv Grete og Linda
Tjørhom kunne vera med å prega løpet.

På reservelista ligg Dafovska, Bavarel-Robert, Gwizdon og Liu.

Helsing
Ann-Elen og Egil