Til Liv Grete og Raphael i høve bryllaupet 27. mai 2000

(melodi: OL-floken)

Dei føddest i same året: 1974.

Raphael og Liv Grete

På Skjelbreid og i La Chapelle.

Liv kom først til verda

og Raphael etterpå.

Slik var det òg i Kollen

der dei gullet skulle få.

Refreng:

Vi ønskjer Bienvenue à Fusa

Cher Raphael Poirée

Og lukke til i La France 

Vår kjære Liv Grete

Lukke til med dagen

Me ropar hipp hurra!!

Bon mariage et salut! 

VM-kongen og -dronninga!

 

Skiskyting er livet

for brudeparet vårt.

Osrblie var staden

dei møttest for første gong

Raphael vart dobbel meister,

Liv vart dobbelt glad.

Ho hadde funne prinsen

og dei gifter seg i dag.

Refreng

Dette er jubeldagen

alle har venta på

Vi ønskjer lukke på ferda

må de mange gode dagar få

Både i World Cup-sporet

og på livets veg

De gav lovnadsordet

Vive l'amour, Liv et Raphael!  

 

Til Ann-Elen og Egil på bryllaupsdagen

(Mel.: OL-floken)  

Det skjedde i seks og nitti (-96) for Egil og Ann-Elen:

Han debuterte i World Cup og ho på seierspallen.

Han var førstereisgut i VM og fekk seg landslagsplass.

Ho fekk sølv og jubel etter ein VM-sprint så kvass.

Refreng:

(Me ønskjer) hjarteleg til lukke kjære Egil og Ann-Elen

ta med dåke denne songen og hurra-rop på vegen (HURRA!)

Me håper livet smiler til dåke to i lag:

Verdas beste stafettpar som gifter seg i dag!

Ja, nittiseks (-96) var året for brureparet her

”prinsen” og ”prinsesso” dei fekk kvarandre kjær.

To sprudlande og rause typar med hjarta varmt og stort

gir glede til oss alle - og i dag så er det gjort: 

Refreng

Samarbeid og lagånd det veit dei allting om

dei trufaste stafettfolk som inn på laget kom.

Medaljane er mange frå VM og OL,

Men Salt Lake-sølv og gullet dei er heilt spesiell’ 

Refreng  

Song til brureparet på Skjelbreid 2002

(melodi: Morgan Kane)

 Ann-Elen vart fødd i 1971,

ganske tidleg fekk ho ski på sine bein.

Skjelbreid-ranchen låg oppå ein ”hill”,

fjellheimen ikring var både høg og vill

-         Ann-Elen var blid og snill!

Ho voks opp med silotrakking, vestlandsvêr,

skirenn, smurning og pussing av gevær.

Reiste land og strand rundt med pappa Knut,

og der møtte ho nok mang ein stilig gut

-         Egil Gjelland – var han ein av dei? 

Milde vintrar jaga henne heimanfrå

til skigymnas i Trysil hei og hå!

Vegen opp den vart både lang og hard,

men i 1991 var saka klar:

-         Ann-Elen tok VM-gull!

Målretta jobbing skaffa henne landslagsplass,

mange beilarar dei gav ho reisepass,

men så kom der ein skarpskyttar frå Voss

som ikkje akkurat prata som ein foss:

-         Egil Gjelland var hans namn! 

Stødige startfolk på Norges stafettlag

har dei vore dei to som gifter seg i dag.

Mange år i toppen med smil og humør -

Ann-Elen ho har funne sin storsjarmør:

-         Egil Gjelland er hans namn!

På Skjelbreid-ranchen der har han slått seg ned,

kokar risgrynsgraut og snikrar i fred,

kviler ut etter reiser og harde renn,

men heldigvis er dei saman i verdscupen:

-         Egil Gjelland og Ann-Elen!

Me vart glade då me fekk dette bod:

Endeleg skal bryllaupet stå!

Både Voss og Fusa gled seg i dag

og me håper de får mange gode år i lag,

-         Egil Gjelland og Ann-Elen! Hugs på rekrutteringa!