Raphael Poirée (f 9.8.1974)

Fødd i Rives, oppvaksen i La Chapelle en Vercors i Frankrike. Gjekk på idrettsgymnas i Villard-de-Lans. Klubben hans er Vercors Ski De Fond. Raphael er yrkesmessig knytt til militæret slik det er vanleg for skiskyttarar i fleire europeiske land. Han har ein yngre bror, Gael (f. 1978), som òg driv skiskyting på elitenivå. Raphael starta sin internasjonale skiskyttarkarriere i 1994 då han blei dobbel junior-verdsmeister.

World Cup:

Raphael vart nr. 17 samanlagt allereie i sesongen 1995/96. I 1998 vann han sin første verdscupsiger (Ruhpolding), og denne sesongen vart han nr. 5 samanlagt i verdscupen. Sidan har samanlagtresultatet ikkje blitt dårlegare enn det. Frå sesongen 1999/2000 vann han verdscupen samanlagt tre år på rad. Raphael har 37 individuelle sigrar i verdscupen. Han vann samanlagt 2003/04 og vart nr. 3 i 2004/05 - ein sesong der han sleit både med sjukdom og utstyr. 

VM:

I 1998 fekk Raphael si første VM-medalje som senior: Bronse på jaktstarten i Pokljuka. I 1999 vart han militær verdsmeister på 20 km. Og i 2000 vart han verdsmeister på fellesstarten i Holmenkollen jubeldagen 26. februar – same dag som Liv Grete. Sidan har det blitt 10 VM-medaljer til – fem av edlaste slag. Oberhof-VM vart Raphael og Liv sitt store VM: Tre gull, ei sølv og ein bronse var statusen hans. Raphael er ein konkurransemann av dimensjonar, og det syner seg i særleg grad på fellesstart. Det var der han sikra seg VM-medalje i dei to "småruskete" sesongane hans, 02/03 og 04/05, med bronse begge gonger.

OL:

Raphael har delteke i to OL, og i 2002 sikra han seg sølvmedalje på jaktstarten og bronse på stafetten. OL 2006 er så å seia på heimebane, og me trur Raphael vert sterkare enn nokonsinne!