Raphael Poirée (f. 9.8.1974)

- H: 174 cm
- Klubb: Vercors Ski de Fond
- Bur på Skjelbreid i Hålandsdalen i Fusa kommune, har òg leiligheit i Villard de Lans i Frankrike
- Gifta seg med Liv Grete Skjelbreid i 2000, fekk dottera Emma i 2003, Anna i 2007 og Lena i 2008
- La opp etter WC i Holmenkollen i mars 2007
- Trenar for det norske rekruttlandslaget (menn)
Fødd i Rives, oppvaksen i La Chapelle en Vercors i Frankrike. Gjekk på idrettsgymnas i Villard-de-Lans. Klubben hans er Vercors Ski De Fond. Raphael er yrkesmessig knytt til militæret slik det er vanleg for skiskyttarar i fleire europeiske land. Han har ein yngre bror, Gael (f. 1978), som òg dreiv skiskyting på elitenivå. Raphael starta sin internasjonale skiskyttarkarriere i 1994 då han blei dobbel junior-verdsmeister.
World Cup:
Raphael vart nr. 17 samanlagt allereie i sesongen 1995/96. I 1998 vann han sin første verdscupsiger (Ruhpolding), og denne sesongen vart han nr. 5 samanlagt i verdscupen. Sidan har samanlagtresultatet ikkje blitt dårlegare enn det. Frå sesongen 1999/2000 vann han verdscupen samanlagt tre år på rad, den sesongen han vart far - 2002/03 - vart det 4. plass, før jubelsesongen 2003/04 då han vann det meste og sjølvsagt verdscupen. 2004/05 vart det 3. plass samanlagt. Raphael har imponerande 38 individuelle verdscupsigrar, 37 andreplassar og 18 tredjeplassar. 2005/06 vart det 2. plass samanlagt i verdscupen og stafettbronse i OL etter ein thriller av ein innspurt!
VM:
I 1998 fekk Raphael si første VM-medalje som senior: Bronse på jaktstarten i Pokljuka. I 1999 vart han militær verdsmeister på 20 km. Og i 2000 vart han verdsmeister på fellesstarten i Holmenkollen jubeldagen 26. februar – same dag som Liv Grete. Sidan har han teke medalje på kva einaste VM-fellesstart: gull i Pokljuka 2001, bronse i Khanty-Mansijsk 2003, gull i Oberhof 2004 og bronse i Hochfilzen 2005. Oberhof vart Raphael og Liv sitt VM - han tok medalje på alle distansar: gull på normal, sprint og fellesstart, sølv på jaktstarten og bronse på stafetten. Til saman har han 11 individuelle VM-medaljer, 5 av edlaste slag.
OL:
Raphael har delteke i tre OL. I 2002 sikra han seg sølvmedalje på jaktstarten og bronse på stafetten, og i San Sicario 2006 ein ny stafettbronse.