Egil Gjelland (f. 12.11.1973)

Egil er frå Voss og representerte Voss Skiskyttarlag. Han begynte med skiskyting i 14-15-årsalderen. Han hadde drive med kombinert før. Trenar Olav Istad fortel at han synte stor treningsiver, sette seg klare mål og tidleg merkte seg ut for å ha hovudet klart i pressa situasjonar. Det siste har gjort han til ein stødig stafettløpar. Egil har hatt sin styrke på skytebanen og mangla litt fart i sporet, difor var det normalen (20 km) som først og fremst var hans distanse. Han var oppe i ein treffprosent på 90 på liggjande skyting og 84 på ståande. Etter kvart har han òg fått opp større fart i sporet og gjort det bra på sprintdistansane. Han har etablert seg som ein skiskyttar i verdstoppen, og i 2005 vann han òg sitt første verdscuprenn! Sjukdom øydela OL-sesongen, men etter ein vellukka mandel-operasjon i februar, satsa han for fullt på ein ny sesong, sjølv om han ikkje lenger hadde fast plass på elitelaget. Han trente både saman med Raphael og det franske landslaget, og saman med det norske rekrutteringslaget. Han fekk ein god sesong, vart m.a. individuell europameister, men sleit med å få world cup-plass. Sommaren 2007 tok han fatt på trenarjobb for kretslaget Team Statkraft Hordaland. Han fekk òg lagleiaroppdrag for landslaget (E-cup-laget) og takka før denne sesongen ja til å dela trenarjobben for rekrutteringslandslaget med Raphaël.

Dei beste resultata som junior:

Eliteløpar

Han vart Noregsmeister i stafett som førsteårssenior i 1994. Då tok han òg NM-sølv for lag. Seinare har han teke 2 individuelle NM-gull: På normalen i 2002 og på sprinten i 2003, og han har fleire 2. og 3. plassar. 
Var med i Europacupen 1995, nr. 36 samanlagt.
Den tredje seniorsesongen sin, 1995/96, kom han med på HV-laget (rekrutteringslandslaget), der hadde han Knut Skjelbreid som trenar!
Debuterte i VM i 1996, med 4. plass både i stafett og lagkonkurransen og 36. plass på 20 km.
Kom med på landslaget i 1996, men sesongen 1996/97 skapte sjukdom vanskar for Egil. Han braut m.a. armen i 1996.
VM-gull i lagkonkurransen i 1998.

Dei beste individuelle plasseringane hans i VM er 4. plass på sprinten og 5. plass på jaktstarten i Pokljuka i 2001 og 6. plass på normalen i Khanty-Mansiysk i 2003.
Egil har så langt delteke i to OL, Nagano 1998 og Salt Lake 2002, og kome heim med ei sølvmedalje og ei gullmedalje!

Verdscup-karrieren

Debuterte i verdscupen i 1996, 30. plass samanlagt etter å ha greidd både ein flott 7. plass og ein 9. plass den sesongen.
Første gong på pallen i verdscupen var i 1998 då han vart nr. 2 på 20 km i Pokljuka (3.3.1998). Seinare har det blitt ein verdscupsiger (jaktstarten i Østersund 2005), ein 2. plass til, fire 3. plassar og seks 4. plassar (pr. 19.09.2005).
Den beste verdscupsesongen hans var 2001 då han vart nr. 7 samanlagt. Dei følgjande fire sesongane har han vore nr. 12 og 13 samanlagt.

Stafettmerittar

Egil har heile sin karriere vore ein stødig stafettmann, og han var lenge fast på startetappen på det norske laget.
Han begynte stafettbravadane med NM-gull som junior i 1992, sidan har det blitt NM-gull som senior (1994) og tre gonger NM-bronse (2000, 2002, 2005).
Frå VM-stafettane har han gull (2005), to sølv (1997 og 2000) og ein bronse (2001). I tillegg har han gull frå sommar-VM (1997).

I verdscupen har han vore med på 11 stafettsigrar, 11 andreplassar og 5 tredjeplassar med det norske landslaget frå 2000 til 2005.
Og det største i karrieren er nok OL-gullet i 2002 og VM-gullet i 2005. I Nagano-OL 1998 vart det stafett-sølv.