Planlagde aktivitetar

Sesongen 2008/09

Det vert ikkje arrangert nokon fellestur i regi av Fusa Biathlon Fanclub denne sesongen, men me oppmodar medlemene våre om å stilla på sesongopninga på Beitostølen i november 2008 og på verdscupen i Trondheim i mars 2009.

Me veit òg at ein gjeng av våre medlemer har slått seg saman og reiser til verdscupen i Oberhof. Me låner gjerne ut den flotte Liv Kjersti & Carl-Johan-fana vår til medlemer som reiser til verdscuprenn!

Elles har me engasjert oss i kretslaget Team Statkraft Hordaland, som vert trena av våre fire som er gått "i opplag"! Me støttar rekrutteringsarbeidet økonomisk og logoen vår er difor å sjå på klede deira. Fleire medlemer har òg vore med på dugnadsarbeid på kretslaget sine samlingar i Hålandsdalen. Det er viktig å syta for ettervekst og vera med på å sikra at me har nokon av "våre" å heia på også i framtida!

 

2007/2008

Fanklubben arrangerte tur til verdscupen i Ruhpolding - med mange på venteliste.

VM i Anterselva 2.-11. februar 2007

30 pers. frå Fusa Biathlon Fanclub reiser til VM i Anterselva - turen var eit tilbod til medlemene våre i første rekkje, og vart fullbooka på første forsøk - med ventelister! Me håpar p ha med både Liv Kjersti, Egil, Carl Johan og Raphael og gler oss stort!

 

2006: OL i Torino

Fusagjengen har arr. turar til VM i Holmekollen 2000 (Fusalauget/HIL), på WC i Holmenkollen 2001 (Fusalauget) og i Ruhpolding 2002 (Fusalauget) og 2003 (Fusa Biathlon Fanclub), på verdscupavslutninga i Holmenkollen 2004 (Fusa Biathlon Fanclub) og på VM i Hochfilzen 2005 (Fusa Biathlon Fanclub). Det neste store målet er OL-øvingane i Cesana San Sicario.

OL-turane er no fullbooka, men me kan setja interesserte på venteliste i tilfelle nokon må melda avbod!

- bruk e-post-adressa vår: post@fusabiathlon.net

OL 10.-26. februar 2006        

Fusa Biathlon Fanclub skipar til 2 familieturar til Torino-OL 2006. Skiskyttarøvingane finn stad i Cesana-San Sicario (1600 m.o.h.) nordvest i Italia, nær grensa til Frankrike. Me skal bu i Briancon i Frankrike – den høgastliggjande byen i Europa (1320 m.o.h.). Me flyg til Geneve i Sveits og tek buss derifrå til Briancon (245 km). Raphaël har hjelpt oss med overnatting, og me skal bu på CIPPA – eit høgdetreningssenter. Briancon ligg i eit fint skiområde, med høve til å prøva seg både på langrenn og alpint på fridagane.

 

NBNBNBNBNBNBNBNB!

For at flest mogleg skal få høve til å bli med på OL-tur, deler me OL-perioden i 2 turar. 18 ihuga skiskyttarentusiastar vert der under heile OL, slik at me til ei kvar tid er 50 i fanklubbgruppa.   

Tur 1 – 10.-19. februar  - fullt!

10 dagar – 6 skiskyttarøvingar + 1 langrenn – kr. 14 000

Prisen omfattar fly t/rt Bergen-Geneve, overnatting i dobbeltrom med fullpensjon på CIPPA, stadionbillettar, busstransport

 

Program:       Fredag 10.2:    Reisedag

Laurdag 11.2:  Normal menn 20 km

Søndag 12.2:   Fri

Måndag 13.2:  Normal kvinner 15 km

Tysdag 14.2:    Sprint menn 10 km

Onsdag 15.2:   Fri

Torsdag 16.2:  Sprint kvinner 7,5 km

Fredag 17.2:    Langrenn 15 km menn (individuell start – løypebillettar)

Laurdag 18.2:  Jaktstart kvinner 10 km og menn 12,5 km

Søndag 19.2:   Heimreise

 

Fly:                 10. februar:      Bergen             0600    København      0725   

                                               København      0820    Geneve            1020

19. februar:      Geneve            1100    København      1300   

                                               København      1410    Oslo                1520

                        Oslo                1625    Bergen             1715

 

Tur 2 – 19.-26. februar - fullt!

8 dagar – 4 skiskyttarøvingar + 1 langrenn – kr. 12 650

Prisen omfattar fly t/rt Bergen-Geneve, overnatting i dobbeltrom med fullpensjon på CIPPA, stadionbillettar, busstransport

 

Program:       Søndag 19.2:   Reisedag

Måndag 20.2:  Fri

Tysdag 21.2:    Stafett menn 4 x 7,5 km

Onsdag 22.2:   Fri

Torsdag 23.2:  Stafett kvinner 4 x 6 km

Fredag 24.2:    Langrenn 30 km fellesstart kvinner (stadionbillettar)

Laurdag 25.2:  Fellesstart 12,5 km kvinner og 15 km menn

Søndag 26.2:   Heimreise

 

Fly:                 19. februar:      Bergen             1405    København     1530   

                                               København      1715    Geneve            1915

                       26. februar:      Geneve            2000    København      2200   

                                               København      2245    Bergen             0010

 

NB! Absolutt siste påmeldingsfrist: 15. oktober 2005

 

Arr.: Fusa Biathlon Fanclub m/støtte frå Sparebanken Vest avd. Fusa