Hyllingssong til Egil og Ann-Elen då dei kom heim frå OL 2002

 (Mel.: Ruhpolding-songen – ”Sjera madre”)

Heia Egil Gjelland i frå Voss!

Me er glad du flytta hit til oss!

Heia Ann-Elen Skjelbreid i frå Fusa!

No skal de få ta imot jubelbrusa!

  

Kjære Egil, kjære Ann-Elen!

Hjart’leg takk for OL-innsatsen!

 Takk for slitet! Takk for gleda!

No vil me for dåke kveda: 

(Mel.: Å mannen ville frå nissen flytta)

På Skjelbreid bur da eit stilig par

Som nyleg ein tur bort’ i OL var

Gull til Egil, sølv til Ann-Elen

:/: Det er fantastisk! Takk for innsatsen! :/:

 

Inspirasjon gjev de til dei unge

De spreier glede i dagar tunge

Me sit i stova i fred og ro

:/: Og er så stolte av dåke to :/: 

Ann-Elen, Ann-Elen, olé, olé, olé! Egil Gjelland, Egil Gjelland, olé, olé, olé!